Onsdag 28. oktober 2015: Westby, La Crosse, Zumbrota, Minneapolis

Så har altså den siste dagen med feltarbeid her borte kome. Eg har hatt ei veldig fin tid, sjølv om ikkje alt har vore heilt optimalt: no I ettertid forstår eg at eg nok burde ha gjort litt meir grunnarbeid før eg reiste til Madison og Appleton, Minnesota, for det er nok ikkje tvil om at der finst det framleis fleire som kan snakke godt trøndsk. Men det får vere til neste gong. Og i går kveld på Sons of Norway-møtet fekk eg også fleire namn som det er muleg å kontakte om det skulle bli ein tur seinare – eg skulle gjerne ha hatt dei tidlegare, men det er heller ikkje noko å gjere med – slik er det berre.

Dagen i dag starta i halv åtte-tida: eg har tydelegvis klart å stille om den biologiske klokka mi nokså bra, er framleis litt kveldstrøyt, men også morgonstrøytt. Eg raska saman tinga mine, sjekka ut og sette så kursen ned til Iversons, der eg var i åtte-tida. Og dei ville vere med meg ned til Borgens. Mr Iversons hadde alt vore der ein tur: han er med i ei gruppe som møtest her tidleg onsdagsmorgonar, men likevel var han klar for ein ny tur ned dit. Eg fekk meg ein solid frukost med egg og bacon. Dei heldt meg også med lag, og medan vi sat der, stakk fleire av SoN-gjengen frå i går kveld innom. Som vanleg hadde vi ei veldig triveleg stund der vi snakka om laust og fast, men Iversons er travle pensjonistar, så dei kunne ikkje kaste bort heile formiddagen på Borgens. Vi tok avskil, og som vanleg er vi usikre på når – og kor vi vil møtast neste gong. Dei gjekk til sitt, medan eg sette kursen til Norseland for å besøke Florence igjen. Ho sat i samlingsrommet da eg kom, og ho vart svært glad for å få nokon å kunne snakke norsk med igjen. Ho introduserte meg som «friend from Norway» for den eine etter den andre, men for å kunne vere med i den indre sirkelen, måtte folk snakke norsk. Det kom ei dame i rullestol og prøvde å blande seg litt inn, men sidan ho ikkje kunne snakke norsk, fekk ho vel eigentleg ha det så godt. Eg sat der ein times tid og småprata med Florence. Rett nok hadde eg opptakaren med meg på innerlomma, men eg tok han ikkje fram, eg føler ofte på at det er ei eller anna moralsk grense for kva ein eigentleg treng å dokumentere: ein må av og til også berre kunne vere her som «friend».

Men eg skal absolutt ikkje løfte ein moralsk peikefinger her, for det er i visse situasjonar utruleg kor langt ein kan gå for å skaffe seg språkleg materiale. Sjølv har eg nok kryssa dei fleste grensene: det er med skam at eg tenker tilbake til 90-talet da eg hadde avtale om intervju med ei godt vaksen dame nede i Øyumsdalen: og da eg kom dit, hadde det meste av huset hennar brunne ned, og det såg ikkje ut heime hos henne. Men unge Hjelde såg ikkje dette som noka hindring for å drive feltarbeid, han var med dama inn på kjøkkenet, takka ja til tilbodet om å få sitje på eit nummer av Westby Times slik at han ikkje skulle bli alt for sotete i kleda, og starta intervjuet. Hadde det vore litt vett i meg, hadde eg heller hjelpt denne stakkars dama med å ta litt saman etter brannen. Og no forstår eg at det skal stor sinnsro til for å svare på spørsmålet: «kor du lærde å snakke norsk?» når det framleis ryk av kjøkkengardinene. Skammeleg! På den andre sida gjekk eg nok inn i ein god norsk feltarbeidartradisjon, og da tenkjer eg særleg på arbeidet til Carl Marstrander for å dokumentere det keltiske språket på Man for eit lite århundre sidan. Etter det dei kan fortelje, inneheld feltarbeidarveksa hans ei stoppenål. Den kunne han bruke til å stikk i dei gamle og skrøpelege informantane slik at dei vakna og feltarbeidet kunne halde frå. Nei, eg har ikkje skaffa meg ei stoppenål enno, men det tek kanskje ikkje så lang tid før også dette er standardutstyr i verktyskrinet til prærielingvisten.

Etter ein triveleg time saman med Florence sette eg kursen ned til La Crosse, eg hadde god lyst til å trave litt på «memory lane» før eg reiste vidare til Zumbrota. I La Crosse var det ikkje så veldig mykje eg fekk med meg, eg var innom gode, gamle Valley View Mall for å sjå litt der, og der var det lite å kjenne seg att i, bortsett frå at dei alt no har fått fram juletreet. Imponetande framsyntheit! Deretter måtte eg jo berre tilbake til Dave’s Guitar Shop igjen. Dette er butikken sin, det! Fantastisk!!. Og sjølv om eg godt kunne ha flytta inn her, måtte eg vidare, i firetida hadde eg avtale i Zumbrota. Eg kryssa derfor grensa og Mississippi over den blå brua, køyrde via Rochester og til Wanamingo. Og på vegen utvikla det seg til å bli skikkeleg grisever, det regna lett da eg reiste frå La Crosse, men på vegen innover Minnesota regna det kraftig, det bles, og til slutt tok det til å sludde og snø horisontalt. Det er nesten utruleg kor fort det skiftar her, det er ikkje så mange dagane sidan eg sprang rundt i t-skjorte, og no treng eg vinterjakka (som ligg heime i Halden).

Eg kom fram til familien Ree, akkurat klokka fire, og dette er trivelege folk, det seier seg jo gjerne sjølv sidan dei er trønderar. Vi prata litt om laust og fast, og etter ei kort stund tok eg fram lydopptakaren for å dokumentere denne småpraten. Så hadde Irene maten klar, og vi sessa oss rundt kjøkkenbordet der ho varta opp med spagettigryte og eplepai. Etter to veker med mat som feittet dryp av, var dette ei god avveksling. Så tok eg fram «svartboka» med elisiteringsoppgåvene, og det gjekk også unna. Og når klokka var nesten sju, takka eg for meg og pakka saman sakene mine. Da ventar ein dryg time inn til Minneapolis, der eg har rom på Hyatt-hotellet: Greitt nok, det er ikkje billeg, men det er bra, og eg har no levd svært så spartansk på elendige motell dei siste to vekene, så eg synest vel eigentleg at det er OK at skattepengane til folk flest kan brukast til dette også – som ei lita avveksling. Eg sette adressa inn i GPS-en, og i karftig vind, regn og sludd kom eg meg heit utan problem fram til sentrum av Minneapolis, og denne gongen fann eg også hotellet utan problem. Så no sit eg her på rommet mitt og ser ut over byen. I morgon (torsdag) blir det fridag, og fredag returnerer eg tilbake til Gamlelandet. Det skal eigentleg bli godt å få sovne i si eiga seng igjen! Og sidan det no ikkje blir meir feltarbeid på denne turen, sluttar nok også bloggen frå denne reisa her.

Og slik går nu dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 27. oktober 2015: Springdalen, Sørryggen, Coon Valley, Westby.

I dag hadde eg avtale med Larry klokka «halv over ølløv», og igjen var det ein roleg start på dagen med påsså-frukost i åtte-tida. Deretter tenkte eg meg ein tur opp til Florence på «heimen», men «kjerring og døtt» (som det kan heite her) har vore ei veke i Spania, eg har ikkje hatt kontakt med dei på nesten ei veke, derfor vart føremiddagen brukt til skyping og anna småting, så til slutt så vart det litt seint å sjå innom gammalheimen. Litt over elleve sette eg meg i bilen og køyrde ned til Larry og Garry i Spirngdalen, og der venta det «høn-supe med dømplings», som Larry kallar det. Og suppa var veldig god, og det var triveleg rundt matbordet deira. Etter mat og eit par koppar kaffi reiste vi opp på Sørryggen til Verlin. Og Verlin vil svært gjerne snakke norsk. Kona hans er tysk, men det betyr ikkje så mykje når Larry og Verlin møtest, da blir det snakka norsk! Og det er også tydeleg at den tyske kona har levd så lenge saman med norskspråklege at ho forstår mykje av det dei snakkar om – derfor kunne ho også slenge inn ein og annan kommentaren i samtalen. Så fekk vi kaffi og kaker, vi takka for oss og reiste ned til tanta til Larry. Og denne dama likna brørne sine slik eg hugsar dei. Men å få henne til å snakke litt norsk var ikkje enkelt – ho hadde budd mange år i Singapore og skulda på det. Men dama var triveleg, pumkin-paien god, og i det heile var det ein fin liten time vi hadde her nede i byen. Så køyrde eg Larry heim og hjalp han med å tyde eit gammalt norsk brev som han hadde før eg reiste tilbake til motellet igjen. Og her tok eg det litt med ro før eg gjorde meg i stand og reiste ned til biblioteket: i kveld vare det møte i Sons of Norway i kjellaren der, og her var det fleire kjenningar, og mange som framleis kunne snakke norsk. Dette er på mange måtar ein litt merkeleg organisasjon der sakslista kan bli litt langdryg når ein må gjere greie for reknskap og budsjettplanar. Men slik må det vel vere. Som gjest vart eg kalla fram for å seie litt om kvifor eg var der, og det var jo ikkje så veldig vanskeleg.

Hovudattraksjonen var ei jente i konfirmasjonsalderen som hadde vore på sommarskole i Råde i Østfold. Ein ting var at det i det heile finst ein slik skole driven av Nordmannsforbundet, det visste eg ikkje. At det fanst ein slik skole i Østfold, var også nytt for meg. Og det mest imponerande var at dette var ei tredjegenerasjonsjente som lærde å snakke norsk heime. Mora var fødd i Amerika, men ho snakka klingande Bodø-dialekt, og det same gjorde også dottera. Så neste gong vi/eg er her nede, må språket til desse to dokumenterast. Utan tvil!

Etter at kaffien og kokkisane var etne, reiste folk heim, eg tok avskil med Larry og Garry, Sam, Archie, Myron og mange av dei andre staute folka her, og så reiste eg opp til motellet igjen der eg no sit. I morgon tidleg skal eg sjekke ut frå dette motellet, og deretter får vi sjå kva det blir til. Eg har god lyst til å snakke litt meir med Erma, og eg må ta avskil igjen med Florence. Dessutan vil eg innom Iversons og takke for denne gongen. Litt utpå dagen sett eg kursen opp til Goodhue, og da går deenne innsamlingsturen mot slutten. Eg har bestilt rom inne i Minneapolis frå onsdag til fredag, og torsdagen blir rett og slett ein fridag da eg skal vere litt turist og sjå meg litt rundt.

Å slik går nu dagan her på prærien ….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 26. oktober 2015: Westby

Da tek faktisk dette opphaldet til å gå mot slutten, og eg skal heller ikkje nekte for sat eg er bittelitt sliten etter to veker på «råden» her borte. I dag vakna eg seint, litt før åtte, eg hadde ein veldig enkel frukost før eg sette kursen ned til Springdalen – eg hadde håp om at Larry hadde program for meg, men Larry var ikkje heime. Derfor sette eg igjen kursen mot Westby og såg innom Iversons, dei er alltid veldig hjelpsame og kjenner folket her, og når Sandra er president i Sons of Norway her i byen, bør ein jo kjenne mange norskingar. Don tok eit par telefonar og vips, så hadde eg to avtalar i dag: Sam og Harold. Sam skulle eg møte på Borgens cafe klokka 13, og da eg kom der, sat det alt ein traust farmar og venta på meg. Eg snakka med servitøren, og ho sendte oss inn på bakrommet, der var det stillare. Vi sessa oss der, og Sam snakka: det var liksom ikkje måte på, og eg forsto at han kanskje ikkje høyrde så veldig godt: Han svara absolutt aldri på det eg spurde om – det var som «goddag mann, økseskaft», men kvart spørsmål fekk han til å starte opp igjen med lange utgreiingar om eitt eller anna, så det var mykje språkdata å få ut av denne karen. Moro! Og medan vi vart traktert med kaffi og eplepai, gjekk praten lett. Sam er verkeleg ein fantastisk mann! Deretter sette eg kursen aust for bryen, der enkemannen Harold venta. Og denne karen var litt meir stille av seg, men «you bet», også han kunne snakke norsk. Og sjølv om han nok var litt meir fåmælt av natur, så snakka han lenge og vel. Igjen så slær det meg kor heldig eg er som får lov til å drive med dette, reise rundt, drikke kaffi og også prate morsmålet mitt. Så til dei som lurer – det er slike ting skattepengane til «folk flest» går til, kaffidrikking og småprat: Så veit de det!

Etter dette besøket sette eg kursen tilbake til motellet igjen for på ny å få kontakt med Bonnie, ei dame i femti-åra, men heller ikkje no tok ho telefonen. Kva er det eigentleg med amerikanarar og telefon – kvifor vil dei ikkje snakke med folk som ringjer frå ukjende nummer. Dette er verkeleg ei ny utfordring for prærielingvistar.
Til slutt ga eg opp og innsåg at eg kanskje burde få meg litt mat, så eg køyrde derfor opp i Nordbyen, itl Central Express og kjøpte meg eit mål mat. Kjøpte ja, det var eigentleg det som var problemet, for da eg skulle betale, oppdaga eg at lommeboka mi låg att på motellet. Eg snakka med serveringsjenta, ga henne klokka mi i pant, og køyrde deretter ned og henta pengane. Alt løyste seg heilt utan problem, men eg må innrømma at det ikkje var å veldig moro å oppdage at eg ikkje kunne gjere opp for meg med ein gong.

Tilbake på motellet prøvde eg igjen å få kontakt med Bonnie, men igjen utan hell. Det ser nok ut til at det ikkje blir noko nytt intervju med henne denne gongen.

Resten av kvelden sat eg på motellrommet og tok livet nokså med ro.

Å slik går no dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 25. oktober 2015: Appleton, MN; Westby, WI

I dag vakna eg veldig seint – klokka var godt over åtte da eg rota meg ut av senga og tusla ned i resepsjonen for å få noko å ete – sikringskosten her var kaffi og muffins, og etter ein muffins og to koppar kaffi kunne eg starte dagen. Søndagar er aldri gode dagar for feltarbeid på prærien, for da er sjølvsagt norskamerikanarane i kyrkja, og for ein utanforståande er det uråd å vite når det er kyrkjetid, nokre startar ni og er ferdig ein dryg time seinare, ander starta klokka elleve eller tolv og held det gåande til eit godt stykke utpå ettermiddagen. Uansett, det var denne Jimmi Boraas som eg gjerne ville snakke med igjen, eg gjorde opptak av han på 80-talet, og derfor ville det vere svært interessant å sjå korleis han snakkar no. Eg har forskt å ringa han fleire dagar, og eg prøvde også i dag, men no er eg nokså sikker på at folk her ser kven som ringjer, og dersom det ikkje er eit kjend nummer, så orkar dei rett og slett ikkje å svare – pågangen frå såkalla telemarketing, reklame og anna mas er så stor at dei ikkje bryr seg om å lyfte av røyret. Dessutan var som sagt sjansen nokså stor for at dei var i kyrkja, så til sist ga eg opp og gjorde det eg syntest var mest fornuftig – setje kursen mot Westby – det var trass alt over 500 km dit, så fekk vanslege norskamerikanarar vere vanskelege norskamerikanarar: Dersom det no er slik at dei berre tek telefonen når det er kjenningar som ringjer, så betyr det altså at ein som feltarbeidar er heilt avhengig av kontaktar for å kunne drive dettte arbeidet. Hmmm ….

Dermed kom eg til at det mest fornuftige ville vere å returnere til Westby igjen no – da ville eg vere framme før det var mørkt. Og som vanleg blir eg overraska over kor stort dette landet er: på eit kart ser det ikkje avstanden frå Appleton til Westby ut til å vere så veldig stor, men berre vent til ein tek til med å køyre – du store tid det er langt. GPS-en sette saman reiseruta mi, og her gjekk det stort sett i bakvegar, eg passerte Milan, og eg såg også rasteplassen som er laga der: i gamle dagar var utedassen her rosemåla – i dag har han fått ein meir kledeleg gråfarge. Eg stoppa litt ved ein kyrkjegard rundt Ecco, namna eg såg frå bilen såg norske ut, men da eg såg nærare på dette, var det restar etter ein gammal danskamerikansk kyrkjegard. Så meg fortsette, og om ikkje anna så opnar slike turar for å lytte seg gjennom heile Beatles-katalogen på ny, og med gamle, trauste slottar av denne Liverpool-gjengen på full guffe i kupeen, så går tida litt fortare. I gamle dagar ville eg hatt eit Minnesota-kart på fanget – i dag går alt etter GPS-en. Likevel veit eg ikkje heilt om eg likar dette så veldig – om GPS-en skulle bryte saman, så vil eg ikkje ha peiling på kor eg er og kor eg skal. Så lenge det fungerer, så er det veldig bra – og så langt har det gått bra.

I sekstida kryssa eg Mississippi og kom til La Crosse, og her sette eg kursen til Universitetet og også Madison Street for å sjå på gamle tomter: Sidan «påssån» min er tom, var eg også innom gamle Quillins (som no heiter Family) og kjøpte brød og salami, dessutan raska eg med meg eit par flasker linjeakkevitt frå «Family liquor store» (smak på den) som eg har tenkt å gje dei to kontaktfamiliane mine her i byen: Leum og Iverson.

Eg sjekka inn her på motellet i sjutida, og deretter var eg ein tur nedom restauranten her og fekk Canadian Walleye – etter nesten to veker i eit land der feittet stort sett dryp av alt ein puttar i munnen, er det frykteleg godt å få noko som ham bittelitt mindre feitt i seg (joda, det er kanskje ikkje så veldig mykje mindre, men det får så vere – så lenge ikkje feittet dryp ned frå kjakene mine, så er det jo nesten som helsekost å rekne.)

Resten av kvelden gjekk med til ingenting særleg viktig – og slik går nu dagan her på prærien ..

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 24. Oktober: Appleton, Madison, Lac qui Parle

I dag tidleg vakna eg ikkje før klokka var nesten halv åtte, og eg tusla da ned i resepsjonen for å få meg frukost. Utvalet her er svært minimalistisk, kaffi og nokre inntørka greier som med litt fantasi kan minne om muffins. Heldigvis har eg mat i «påssån», og det kjem godt med på slike plassar. Deretter prøvde eg på ein ny ringjerunde, men med det same nedslåande resultatet – kva er det som gjer at folk ikkje tek telefonen: er dei ikkje heime, eller reagerer dei på at eg ringjer frå «ukjend nummer»?

Uansett, eg pakka saman sakene mine og var eigentleg innstilt på å setje kursen tilbake til Wisconsin etter eit mislykka feltarbeid her nede. Men for å kunne seie at eg i det minste hadde prøvd, sette eg kursen tilbake til Madison igjen, no ville eg prøve gammalheimen. Og amerikanske gammalheimar bruker vanlegvis ikkjer å funke, så eg var lite optimistisk.

Etter litt leiting fann eg fram, og denne institusjonen såg eigentleg ganske grei ut; her i Amerika har eg i alle fall sett mykje som ikkje har halde ein slik standard. Eg gjekk inn og gjekk og vaka litt, og til slutt kom detein sjukepleiar bort til meg og lurde på kven eg ville snakke med. Eg bar da fram ærendet mitt om at eg gjerne ville snakke med folk som enno kunne snakke norsk. Dette var ei ung jente, og ho visste ikkje heilt kven som var norske, men det var eit par som av og til kunne snakke eit uforståande språk, så ho skulle undersøke litt. Etter ei kort tid kom ho tilbake og kunne fortelje at ja, dei trudde det var ei dame som budde i ei leiligheit her som kanskje kunne norsk. Om eg kom tilbake etter lunsj, så skulle dei finne ut av det. Litt småoptimistisk trass alt sette eg kursen ned til kafeen igjen for å få men lunsj, og klokka eitt troppa eg opp, og da venta det ei dame på 94 år. Ho ville gjerne snakke med meg, men ho ville helst ikkje gjerast opptak av. Etter litt akkedering vart vi samde om at vi kunne gjere lydopptak, video fekk vere; og om ho angra seg, kunne vi slette opptaket. Og dama snakka og fortalde om både det eine og det andre, men ho var heile tide oppteken av om eg fekk den informasjonen som eg var ute etter. Eg kunne ikkje rett ut seie at eg var meir oppteken av korleis ho snakka enn kva ho snakka om, men for meg var dette ei triveleg stund. Eg fortalde om dei eg hadde møtt her for 28 år sidan, og ho nikka og kjende igjen alle desse, og ho fortalde også litt om at dette ein gong var eit settlement dominert av haugeanarar. Og best av alt, ho ga meg nye namn, så da vi var ferdige, køyrde eg ned til kafeen igjen, og frå bilen kopla eg meg opp på internett, googla namnet eg hadde fått, og ringde så via Skype. Og jada, her fekk eg napp. Eg snakka først nokre ord med kona før eg vart sett over til den norskspråklege mannen, men han forsto meg ikkje, så kona tok over igjen. Eg kunne kome litt seinare, dei var på tur bort no for å feire 80-årsdag til ein nabo, men det ville ikkje ta meir enn ein times tid. Det passa meg bra, eg endra planen igjen og fann ut at eg burde bli her ei natt til. Så medan desse var i kaffiselskap, reiste eg tilbake til Appleton og sjekka inn på nytt på motellet. Ved hjelp av GPS-en fann eg lett farmen, og to minutt etter at eg kom fram, kom også vertsskapet. Mannen køyrde, han vinka til meg og hoppa ledig ut av bilen. «Å e ber på norsk einn på ængelsk», sa han på klingande stjørdalsmål. Dette burde vere eit kupp, tenkte eg. Vi gjekk inn og sessa oss rundt bordet medan vi snakka litt, kona skulle snart bort igjen, men ho ringde etter ein annan norskspråkleg, ein telemarking for å få han til å kome dit – i tillegg sa ho at det ville kome ein annan innom om ei stund. Og mannen var riktig i godlune og snakka norsk berre så det song etter. Men så sende ho meg ein lapp: «He’s got alsheimer», stod det. «Did you understand what I wrote» sa ho. Joda, eg gjorde det, Og hadde ho ikkje fortalt meg det, så hadde eg nok ikkje forstått det, for mannen køyrde bil, han snakka laust og ledig, og han gjentok seg heller ikkje meir enn kva eg kan finne på når eg har intervju etter intervju. Snart kom telemarkingen, og da vart det meir prat på norsk, under sterk tvil spurde eg om det var greitt at eg gjorde lydopptak. «Sure, no problem», sa begge. Eg var i tvil, og er framleis i tvil om det forskingsetiske i dette (vel, eigentleg er eg ikkje så veldig mykje i tvil), så opptaka blir nok ikkje brukt til forsking. Eg får vurdere det litt nærare og kanskje også snakke med kona før eg slettar det. Uansett, begge var snakkesalige, og telemarkingen snakka uvanleg høgt. Og snart kom naboen, som eg no forstod var der for å passe litt på. Han kom litt til og frå, og når han var ute, hoppa karane over til norsk. Og som sagt, bortsett frå at verten stadig vekk spurde om vi ville ha kaffi, var det lite som tydde på at sjukdommen hadde ramma han veldig hardt enno. Han fortalde at han for ei stund sidan hadde feira 80 år, og vilkåret for å bli invitert, var at gjestane snakka norsk, og da serverte han klubb, blodpølse og rømmegraut. Og på fotoet frå selskapet var det også ein kar som eg snakka med for 28 år sidan, eg skal prøve han i morgon.

Etter eit nytt triveleg – men også tankevekkande – møte med det norske Amerika, sette eg kursen tilbake til byen. Eg hadde eigentleg tenkt å klare meg med «påsså-mat», men så oppdaga eg at påssån var tom. Eg sette da kursen til matbutikken, men i motsetnad til «likkørståret», var «gråsseriståret» stengd på ein laurdagskveld. Det er  så måte interessant å sjå kva haugeanarane her prioriterer av brød og vin. Eg køyrda da ned til bensinstasjonen og fekk med meg ein liten pizza heim. Helsekost, med andre ord. Og no sit eg her på motellet og tek livet litt med ro. Her er det roleg, det er mange jegerar her, dei har med båt, så det er nok andejakt dei driv med. Og no i kveld snakka eg med ein av gjestene her, og eg fekk da også bekrefta at dei i motsetnad til i gamlelandet ikkje stiller klokka her i natt.

Akkurat no banka det faktisk på døra mi, og ein røsleg kar i feltuniform og med ein bjeffande hund stod på døra mi og gliste, det var klokkemannen som eg hadde snakka med for litt sidan. Han lurte på kva eg gjorde her. Eg fortalde det, og da fekk eg ei lang historie om bakgrunnen hans som norsk-svensk-amerikanar og om bestemors julemat med torsk og lefse. Amerika og amerikanarar er sett frå eit norsk perspektiv merkelege, men dei er også svært hyggelege – hadde nokon banka på hotelldøra til vilt framande i Noreg for å fortelje om bestemors julemiddag, hadde dei nok vorte sendt til utreiing. Men her er alt tydelegvis normalt.

Og slik går nu dagan her på prærieviddene…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 23. oktober: Madison, Lac qui Parle, Appleton

Ein møkkadag som feltarbeidar! Dette med at det skal vere «lots of them» er vanskeleg å tru. Eg starta dagen med litt telefonering, eg ringde heim til mor, og deretter prøvde eg meg på lista med mulege kontaktar i dette området. Og bortsett frå hos mor, så fekk eg ikkje svar – ingen av dei tok telefonen. Dette fann eg merkeleg, og eg vart veldig usikker på kva eg skulle finne på. Eg tenkte at eg kanskje kunne ta turen ned til byen og sjå om eg kom i kontakt med nokre der, men nei. Eg var også ein tur innom kafeen i Madison, men der var det stort sett relativt unge folk som satt, så eg avgrensa meg til å trøyste-ete kjøttkaker. Men det hjelpte lite, det var ingen gråhåra, godt vaksne som dukka opp. Eg køyrde så gatene opp og ned i håp om å sjå norskamerikansk stæsj, men det var ikkje eit einaste lite norsk flagg eller plakat med «Lutefisk lovers» eller «Uffda» å sjå. Svært slukkøra kom eg til at eg da fekk setje kursen mot nabobyen Appleton, der eg ein gong vart hysa av familien Vaala medan eg gjorde feltarbeid her på 80-talet. Men det same gjentok seg, ingenting å sjå. Og sidan det også regna nokså godt, så var det i det heile lite folk ute. Eg sjekka likevel inn på motellet her, som var ei klar oppgradering av det eg hadde i går, sjølv om heller ikkje dette kan skryte på seg så mange stjernene.

Så var det på han igjen, eg tenkte kanskje at eg skulle prøve å finne fram til dei mange farmane som eg ein gong besøkte her, men nei, eg kjende meg ikkje heilt igjen. Så prøvd eg postkasse-trikset – å leite etter norske namn på postkassane, men det var ingen som hadde norske namn. Kort sagt, eg brukte dagen til å leite, spørje litt og i det heile håpe at eg skulle treffe på ein eller annan som kunne hjelpe meg med å finne norskspråklege. Nope, ingenting. Til slutt ga eg opp og endra oppdraget frå å vere ein jakt etter norskamerikanarar til å bli ei nostalgisk reise, å sjå igjen ein stad der eg hadde mykje moro saman med trauste og godt vaksne stjørdalingar med mykje humor for nesten tretti år sidan. Og eg innsåg også at arbeidsmåtane som fungerte da, å spørje seg rundt, leite etter norskamerikansk stærsj og ikkje minst norske namn på postkassar ikkje fungerer i dag: no må ein rett og slett ha kontaktar for å finne fram. Og med tanke på gamle dagar – når sant skal seiast, så var det heller ikkje kvar dag eg var på «råden» og fann informantar da heller, så dette høyrer vel eigentleg med.

I fem-tida ga eg rett og slett opp, køyrde tilbake på motellet, prøvde meg på ein ny mislykka ringerunde før eg kapitulerte heilt, arbeidde litt med denne forbaska artikkelen og i det heile tok det litt med ro. Om det ikkje skjer ei stor endring i morgon, returnerer eg rett og slett til Westby, der finst det i det minste norskspråklege, og der er eg kjend
.
I heile dag har det regna, men no utpå kveldinga klårnar det opp litt, og i morgon skal det bli betre ver.

Og slik går nu dagan her på prærien…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 22. oktober 2015: Eau Claire; Wisconsin: Milan, Madison; Minnesota

I dag tidleg var eg trøytt og rota meg ikkje opp før klokka var nesten åtte. Eg tusla ned i frukostrommet på motellet, også her var det muleg å lage seg vaffelkaker, og med juice og kaffi til, så var eg godt rusta for ein lang dag. Eg starta med nokre nye forsøk på å ringje folk, men det var ingen som svara. Eg veit ikkje kva folk driv med, om det er harvesten som held dei borte frå telefonen, eller om det er noko anna. Eg sette GPS-en på Glenwood sjølv om eg visste at dette var eit skot i blinde. Og så sette eg i gang, og det vart time etter time med motorvegar vestover, først over Mississippi, deretter gjennom St. Paul og Minneapolis, og vidare vestover til Sauk Center, der GPS-en sendte meg sørover gjennom endelause landskap med åker. I to-tida var eg i Glenwood, men eg innså raskt at det ikkje var nokon grunn til å leite på måfå her – så langt eg kunne sjå var det ingen opplagte plassar det godt vaksne norskamerikanarar kunne finne på å samlast. I det heile var det nokså stille her. Derfor sette eg kursen vidare sørover og vestover, først gjennom Swift Falls, ei lita husklyngje der det heller ikkje var ei sjel å sjå, og så til Milan. Milan veit eg skal vere norsk, og da eg såg «Arve hus», så gjekk eg inn der. Dette var eit heimesnikra museum, og først var det ei dame som helsa meg. Ho var veldig «eksaita» over besøk frå Noreg. Og ho kunne fortelje at i helga skulle det vere 80-årslag i byen, og da venta dei to tvillingar frå Flom på besøk. Verda er sanneleg ikkje stor, for dette er karar som eg har møtt fleire gongar tidlegare. Og sidan Milan er eit senter for rosemaling, treskjæring og slike ting, er det jo opplagt at desse karane tek turen ned her. Så ropte ho på faren, og ein liten snakksalig gubbe kom fram frå eit av bakromma. Dette var altså karen som hadde laga dette museet. Dessverre snakka han berre engelsk, men du store tid som han snakka; det var liksom ikkje måte på kva han ville vise meg og fortelje om. Og humor mangla han heller ikkje, det var ikkje måte på kva merkelege ting han hadde samla saman og kombinert på svært originale måtar. Da han fekk høyre kva eg var ute etter, var han kjapp med å kaste seg over telefonen og ringe ein kompis som budde like utafor byen, og dette skulle vere ein kar som kunne norsk.

Og snart kom det ein røsleg norskamerikanar inn døra, og han ville gjerne snakke med meg. Vi rigga oss til inne i museet, opptaksutstyr kom på plass, og så starta han. Han hadde folket sitt frå Land, men så hadde han studert norsk i Northfield, og da hadde han også forstått at norsken hans ikkje var heilt lytefri. Det hadde han fiksa på, slik at han no snakka relativt normert med ei og anna dialektforma i det heile. Uansett, det var triveleg å snakke med karen, og han kunne også skryte av at han nedstamma i rett line frå ein av Eidsvoll-fedrane. Og han hadde til og med vore invitert til jubileet der i 2014.

Deretter sette eg kursen ned til Madison, og eg hugsa det som ein halvstor småby. Det er det ikkje, det var lite å bli imponert over her, ei gate med nokre småbutikkar. Men eg fann eit motell her, og her er det nok lite som har endra seg sidan eg turnerte området i 1987. Absolutt ikkje luksus, akkurat, men det er ei seng, og det har bad, og da får ein vel seie seg nøgd. Eg forsøkte på ny å kontakte dei kontaktane eg har fått her nede, men igjen utan hell. Eg veit ikkje heilt kva eg skal finne på i morgon, men eg får ringe nokre igjen, og så får eg leite litt på måfå. Eg snakka med motelleigaren her no i kveld, og da eg spurte om det framleis fanst folk her som snakkar norsk, så sa han at det er « lots of them» – det lovar jo kanskje godt, håpar eg.

Og slik går nu dagan på prærien…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 21. oktober 2015: Stevens Point, Norske, Iola, Hitterdal og Eau Claire, Wisconsin

Da har eg gjort unna ein nokså hektisk dag som feltarbeidar, sjølv om utbyttet vart berre så som så – dette kan til tider minne meg om barndommen og multeturar saman med far på Tørrgranvola: mykje trasking og lite bær …

Åkke som, dagen starta nokså roleg, for hørste gongen her borte sov eg som ein stein til klokka var passert sju. Deretter var eg nede i restauranten og fekk frukost, og for første gong på lenge var det noko anna enn berre wienerbrød og smultringar – eg kunne steike meg vaffel. Og da klokka var åtte ringde eg til røyrleggjaren oppe i Iola, og han ba meg kome «right away». Eg gjorde meg klar, pakka saman rasket mitt og kom meg i bilen. Adressa eg fekk beit sjølvsagt ikkje på GPS-en, men eg fann Iola, og eg fann også Highway 49 som han budde langs, og da var det berre å lese dei raude brann-nummera heilt til eg kom på rett stad. Røyrleggjaren hadde det travelt, men han ville ta fri resten av dagen for å guide meg rundt: makan til hjelpsamheit! Første stopp var ei sagmølle på Norske, ei lita husklynge utafor Iola. Der venta sagbruksmeister Julian, ein norskspråkleg farmar, pluss heiagjengen, ein tyskar og ein hjortejeger. Sagmølla var ei bordbu, ei slags «man cave» der gubbane kunne fyre på ovnen, fortelje historier, koke kaffi eller ta seg ein liten ein, fortelje fleire historier, sjå fram til neste månad når dei kunne bla om på kalenderen for så å studere ei ny lettkledd dame, fortelje nokre historier igjen…
Eg rigga opp utstyret mitt, og snart kom gubbane på glid og praten på norsk gjekk, om ikkje laust og ledig, så i alle fall litt framover. Den eine av karane meinte å ha opphav rundt Porsgunn, medan den andre kanskje var døl. I det heile er det mange her som i liten grad veit kor folket deira kom frå. Sagbruksmeiseter Julian var ein artig kar som også kunne underhalde med både norske ordtak og song. Og snart stakk den andre farmaren ut i bilen for å hente toradaren, og det vart ganske livleg inne i bordbua. Eg veit ikkje om dette opphaldet var med på å flytte forskingsfronten noko særleg, men moro var det i alle fall. Sagbruksmeisteren dreiv også med bier, og det var ei historie i seg sjølv, særleg når dette låg i eit skogsområde der bjørnen tek seg til rette. Dette forklarte også radioen som stod på full musikk ute – bjørnar liker tydelegvis ikkje køntrimusikk.
Etter dette besøket sette vi kursen ned mot Iola, der venta det ei dame med bakgrunn frå Bergen. Og da ho møtte oss i døra med skarre-r i engelsken, trudde eg at dette kunne bli bra. Det vart det eigentleg ikkje. For det første var ho fødd i Bergen, for det andre ville ho ikkje ha video av seg og for det tredje nekta ho å snakke norsk. Eg prøvde så godt eg kunne å få henne på glid, men det nytta liksom ikkje. Likevel var det ei triveleg stund, og etter ein liten time takka vi for oss. Så tok vi turen til Crystal Cafe for å få oss litt mat før neste post på programmet venta, ei dame på rundt 90. Og ho snakka norsk, sjølv om heller ikkje ho ville på video. Men lydopptak var OK. Og vi kunne igjen bruke ein time saman med henne, og sjølv om ho dreiv og pakka for å flytte på gammalheimen no laurdag, så tok ho seg tid meg oss, og eg trur ho likte det.

Neste post på programmet var ein kar på nesten 90 nede i byen, han kunne også snakke norsk, men så snart opptaksutstyret kom fram, så vart det stopp. Men også her var det triveleg å vere; kona som var av tysk opphav, varta opp med kaffi, rosettar og kokkis, og da er jo livet godt å leve. Og denne seansen vart avslutta med at gubben spelte gitar og song åndelege songar for oss.

Vi takka igjen for oss og reiste ned til Hitterdal, også der var det ein kar på 90 som kunne snakke norsk. Men han var farmar og dreiv med å «harveste» no, så han hadde dårleg tid. Da vi kom inn på gardsplassen, såg vi at han og kona dreiv og rake lauv. «Got you», sa røyrleggjaren. Og så snart vi kom ut av bilen tok det til å ramle norsk ut av han som erter ut av ein sekk. Dette måtte berre bli bra! Men neida, så snart opptaksutstyret kom fram , vart det mest engelsk. Det er sjølvsagt litt surt at det skal vere slik, men det er lite å gjere med – ein kan liksom ikkje truge med juling for å få folk til å snakke norsk heller. Og på den andre sida, dette gir vel eigentleg ein god statusrapport over korleis situasjonen for norsk er her borte. Det er nokre som kan det og som har stor glede av å snakke det, men det er også mange som ein gong brukte det, men som i dag slit med å snakke norsk.

Vi var ferdige her i sekstida, og da ville røyrleggjaren vise meg rundt litt, og vi var innom kyrkja «hans»: og der lukta det sur lutefisk. Laurdag hadde dei hatt såkalla «lutefisksupper» her, og da kom det fleire hundre dit for å ete dette. «It usually takes a couple of weeks before the smell is gone», sa guiden min. Eg tvilar ikkje, for dette var ikkje akkurat delikat lukt, nei …
Det tok ti å bli mørkt da eg køyrde røyrleggjaren heim, og sjølv om fangsten ikkje vart så veldig god, så set eg frykteleg stor pris på hjelpa eg fekk, og det er ikkje kvar dag at folk tek ut ein feiredag for å hjelpe slike som meg. Ein kan lett bli audmjuk av mindre….

Neste stopp på rund-trippen min blir Minnesota, men det er eit stykke dit. Og som eg tidlegare har sagt, så er denne turen elendig planlagt – eg tek det litt som det kjem. Uansett, det er langt til Minnesota frå Iola, så no i kveld er eg på eit motell i Eau Claire; det tok meg nesten tre timar å kome hit, men framleis er eg i Wisconsin, og det er lang dit eg har tenkt meg. I morgon får eg prøve å ringe kontaktane som eg trur eg har der nede, så får vi sjå korleis det går.

Elles er det heilt utruleg kor sliten ein kan bli av berre det å snakke med folk. Men det har kanskje noko med alderen å gjere… I gamle dagar hadde lett fortsett langt inn i Minnesota for å finne folk, men slik er det nok ikkje, dessverre. Men det er da moro enno, og da skal ein ikkje klage

Og slik går nu dagan i Indilandet….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 20. oktober 2015: Westby, Iola, Stevens Point

Ein ny og vakker dag her ute på prærien. Eg hadde avtale i Iola først klokka halv to, og sidan det er rundt tre timar å køyre, kunne eg ta det litt med ro på morgonskvisten. Eg prøvde mellom anna å ringe ein nordfjording inne i Minnesota, men heller ikkje da fekk eg svar. Eg får prøve litt seinare igjen. Etter ein lettare oppgradert «påsså»-frukost med brød og ost – og derretter litt småarbeid, ringde Ron, han hadde eit brev til meg. Eg køyrde bortom dei for å hente det, og det var frå stjørdalingen som eg møtte i går. Innhaldet var namn og telefonnummer til nokre norskspråklege i Lac qui Parle, og det kjem godt med sidan eg har tenkt meg dit om eit par dagar. I ti-tida sette eg kursen nordaustover, og det var ein fin tur gjennom åkrar og skog.

Eg var framme i Iola i god tid, og var innom ein restaurant der og fekk meg ein matbit medan eg venta. Klokka halv to var eg framme på mølla der eg skulle møte folket. Og der var kontakten min, ein røyrleggjar, saman med tre norskamerikanarar, og snart kom det eit par til. Eg fekk rigga opp utstyret, og vi sette i gang. Her var det ein døl som hadde arbeidd som sagbruksarbeidar og derfor hadde vanskar med å høyre, ein nordmøring og tidlegare fotograf på nesten 90 som var uvanleg talatrengt, ein sørlending og tidlegare snikkar som var svært så høgrøysta og ein litt meir dempa kar med doktorgrad i kiropraktikk eller kva det no heiter, og som ikkje visste kor folket hans kom frå. Han hadde stor tru på at eg ut frå dialekten hans skulle kunne finne ut av dette, men det kunne eg ikkje. Eg starta først med sagbruksarbeidaren og fotografen, og eg hadde håp om å få til ein samtale mellom dei, men det lukkast ikkje. Deretter var det snikkaren og doktoren sin tur. Opptaka vart neppe særleg gode, er eg redd, ikkje minst fordi folket som sat og venta, også tok til å snakke nokså høgt seg imellom. Men likevel var dette ei interessant oppleving på mange måtar. For det første fordi eg aldri tidlegare har høyrt ein norskamerikanar snakke engelsk med skarre-r. Vidare tok nordmøringen på seg oppgåva som sufflør og korrigerte både det eine og det andre som vart sagt. Han meinte forresten at norsk var det einaste ordentlege språket som finst, og det kan jo sikkert stemme, i alle fall her på prærien …

I ein kort pause tok eg fram Haugen og viste fram namna på dei han intervjua her tidleg på 1940-talet. Og dei visste av fleire, og det viste seg også at ein av dei faktisk framleis var i live! Fantastisk! Røyrleggjaren kasta seg over telefonen og kontakta han, men dessverre, mannen var på ingen måte interessert. Vi får sjå om vi klarer å lokke han utpå i morgon: Dersom eg finn opptaket av han, burde det kanskje vere muleg å få han til å endre meining…. Uansett, Maagne Oftedal vurderte faren som «litt under middels intelligent», og i Haugens informantbeskriving blir han omtala som «not always reliable», så da ligg det vel i slekta, kanskje?

No har eg teke inn på eit motell i Stevens Point, og om heller ikkje dette kan kallast luksus, så er det ei klar oppgradering samanlikna med det eg har hatt så langt på reisa. Her er det til og med «godstol» og skrivebord, så da bør det også vere håp om å få gjort litt. No i kveld har eg igjen prøvd å ringe nokre av kontaktane eg (trur eg) har i Minnesota, men det er heller ikkje no nokon som tek telefonen. Det likar eg ikkje meir enn passeleg, eg får prøve dei igjen i morgon, og viss ikkje så køyrer eg berre på måfå og ser kva eg finn. Slik er det altså å drive med feltarbeid her på prærien. Resten av kvelden får eg bruke til å kopiere opptaka, eg er livredd for å miste noko, og eg er ikkje meir enn passeleg flink til å ta backup. I morgon blir det ny tur opp til Iola, så får vi sjå kva røyrleggjaren har å by på, onkelen hans møtte opp til samtale, men han var så lågmælt og publikum så høgmælte at eg veit ikkje heilt korleis opptaket av han vart, han kunne eg ha god lyst til å snakke litt meir med. Og her saknar eg myggmikrofonane til tekstlaben, kameramikrofonen fangar opp alt av lyd og leven heilt ukritisk. I tillegg hadde det vore ein stor fordel å vere to når ein skal handsame ein slik bøling, men eg får klare meg så godt eg kan på eiga hand.

Og slik går nu dagan her i det såkalla Indilandet…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 19. oktober 2015: Westby, Øyumsdalen, Sørryggen

Dette er siste dagen i Westby i første omgang, og det har vore ein nokså hektisk dag, eigentleg. Larry er formann i program-komiteen, og avtalen var å møtast oppe på Borgen’s cafe klokka 08.00 sharp. Eg vakna i veldig godt tid, og etter ein veldig enkel frukost (ein kopp kaffi + ein banan), sette eg kursen inn mot byen. Og bak meg i køen for å bli sessa ned på Borgen’s høyrde eg nokre språklydar som det var grunn til å tru måtte kome frå ein nordmann. Eg tok kontakt, og veldig snart dukka også «el maestro del Skogdalen» opp: Larry, som no fungerer som impresario for meg her i Westby. Larry hadde også satsa på at vi kunne bruke bakrommet på Borgens til intervju, men det var ikkje utan vidare enkelt, sidan dei der dreiv og rigga til fest. Men dei fann til slutt ut at vi kunne sitje på lagerrommet saman med eit lite hundretal av nissefigurar og anna stæsj, og der gjekk vi sikkert i eitt med landskapet. Raymond var ein livleg kar som eg trur hadde glede av å snakke norsk – i alle fall snakka han så godt som i eitt i nesten to timar. Opptaksforholda i dette bakrommet var dessverre ikkje dei beste, det bråka noko forferdeleg av ein kjøledisk der, men slik er det av og til. Etter at vi hadde bikka i oss ein liten gallon med kaffi medan vi snakka, takka Raymond for seg og sprang vidare: trass i at han er godt oppe i søttiåra, måtte han på jobb – og han hadde berre godt å seie om det arbeidet som han hadde no.

 

Så snart han var ute av Borgen’s, kom Ron drassande med ein annan – ein kar som ein gong hadde arbeidd på høgskolen i Westby. «Snakke du norsk?», sa eg – «what», sa denne karen. Og omformulerte litt: «Prate du norsk?», sa eg i ein lett optimistisk tone. «What did you say», sa karen. Eg tok til å forstå teikninga, men eg prøvde likevel med eit siste despreate forsøk: «lage du norsk?». «nei», sa han. Og da forsto eg at dette nok ville bli eit svært kort intervju. Men samstundes var det veldig nyttig, for denne karen hadde bakgrunn i Stjørdal og hadde vakse opp i Lac qui Parle, og han kjente fleire der som framleis snakkar norsk. Og sidan eg no har tenkt meg ein tur innom der, så passa jo dette utruleg godt.

 

Deretter tok programkommiteen ein liten pause for å samsnakke litt: Lary hadde invitert mange opp til Borgens, men den eine etter den andre meldte avbod. Godveret og «harvesten» gjorde sitt til at folk prioriterte matauk og mammon framfor seriøst vitskapleg arbeid, og det får eg vel berre akseptere.

 

Igjen vart det ein liten pause, og sidan vi no vart kasta ut frå bakrommet på Borgen’s, sette kursen til Old Towne og rommet mitt, for det var sikkert fiksa no. Så kom trauste Douglas, og det var igjen ei fantastisk stund å få snakke med han: Eg har verken før eller seinare sett nokon som så fysisk materialiserer attrisjon, det er nesten uverkeleg å sjå på han når han snakkar. Douglas hadde det travelt, han skulle på andre sida av Mississippi for å spele golf. Og når han takka for seg, vart det eit lite innsmett for Larry og meg til å få i oss litt mat. Og sidan vi var i Westby, måtte vi på Borgens; og sidan vi var på Borgen’s, måtte vi igjen ha kjøttkaker. Så enkelt er det, berre. Stappmette sette vi oss i bilen igjen, for no skulle vi ned til Øyumsdalen for å møte Archie. Ettermiddagen var uvanleg varm, derfor kom vi på at vi kanskje skulle sitje ute på «decket»: Ille lite smart, vil sikkert folk der heime seie, for så snart vi sette oss ned, kom fluene. Og kvaksen. Og billene. Kort sagt det vart livat ute på inngangspartiet til Archie. Etter denne tida saman med Archie og innsektene, vart det igjen tur opp på Sørryggen, no for å møte Charles på Larson-farmen. Eg har så vidt snakka med han tidlegare, og dette er også ein kar det går å få på glid. Og medan ettermiddagen gjekk mot hell, dreiv vi tre på med å kveste så mykje som vi kunne av oss av norskspråklege kromspring. Da vi var ferdige, var klokka nesten seks. Eg hadde nokre telefonar som eg gjerne ville ta, og eg trur Larry var litt sliten etter ein slik dag. Etter å ha kasta han av oppe i Springdalen, returnerte eg til Westby og motellet. Og her sit eg da, gumlande på ei litt halvtørr brødskorpe. Og resten av kvelden har eg teke det litt med ro, og ikkje minst planlagt dei neste dagane.

 

Og slik går nu dagan ..

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar