Onsdag 11. september 2013: Saskatoon

Også i dag tidleg meinte kroppen min at morgonstund har gull i munn, og igjen kunne eg myse på fire-talet da eg vakna, og eg kunne ikkje kunne sove meir. Etter å ha vridd meg lenge og vel, fann eg det best å kome seg opp og arbeide litt. Men i dag vart det ikkje så veldig lang økt sidan Janne og eg hadde avtale om frukost klokka sju. Etter ein lang frukost sette vi oss til med litt arbeid igjen før vi sette kursen ned til romsdalingen Bjørn, som også i dag hadde laga eit program til oss. Som vanleg stilte han opp med okygenflaska si, men trass i at pusten hans ikkje var heilt prima og hadde behov for litt ekstra drahjelp av og til, er dette ein svært aktiv og fascinerande mann som er svært flink til å involvere seg i alle typar frivillig arbeid, inkludert det å hjelpe norske feltlingvistar med å finne fram i verda. Første stopp var heime hos ein musikklærar, ein svært vital kar i siste delen av 80-åra som framleis var svært aktiv og hadde musikktimar med eit lite hindretals med ungdommar. Garasjen hadde han bygd om til musikkrom og verkstad, og her hadde han myje rart og interessant, og kanskje særleg fiolinar og trekkspel av ymse slag og kvalitet.
IMG_2646
Ein av omgangsvenene, ein kar i slutten av sytti-åra dukka også opp, Han var pensjonert kjemi-ingeniør som hadde arbeidd i papir-industrien. Dersom ein er på jakt etter folk som snakkar opphavlege dialektar – kva no det er, så kan ein nok trygt seie at denne karen ikkje heilt levde opp til forventingane. Han hadde «teke klassar» i norsk, så det som måtte finnast av sogneblod i denne karen, kom på ingen måte til uttrykk i måten han snakka på. Men denne typen språkbrukarar høyrer også med blant dei siste norskspråklege ute på prærien. Musikklæraren sleit meir med å snakke norsk, det kom da nokre setningar, men det var på ingen måte enkelt å få til ein lett og ledig samtale med denne kroppen, og både forskingsobjekt og feltarbeidar var vel eigentleg letta da denne seansen var over. Etterpå viste han fram musikkrommet sitt, og her var det litt av kvart som kunne fange interessa vår. Særleg hadde eg sans for arbeidsbenken hans, den var rikhaldig.
IMG_2655
Neste post på programmet var ein bustad for dei ikkje heilt, og som vanleg dirigerte Bjørn oss dit vi skulle. Dette bygget var på ingen måte ein gammalheim i tradisjonell tyding, snarare var det sjølvstendige leilegheiter der folk også hadde litt tilsyn og hjelp, og der dei kunne få servert mat. Den første vi møtte i døra, var ei dame i litt ubestemmeleg alder, men ho måtte vel vere ein stad i 70-åra. Denne tøtta snakka norsk, i starten nokså bokmålsnært, men etter kvart braut det fram ein aldri så liten nordlending. Det er ikkje så ofte at tida i forsvaret kjem til nytte på prærien, men det gjorde det faktisk no. For ho var frå Andenes, ein stad der eg for nesten tretti år sto standhaftig og venta på at «den røde fare» skulle materialisere seg i horisonten. Og dette gjorde at vi hadde mange felles referansar. Og sjølv om det ikkje vart ein veldig lang samtale, var det jo moro. Deretter gjekk vegen til dei vi eigentleg skulle møte: eit eldre ektepar, der kona kunne snakke norsk og ein nabo som også var norskspråkleg. Denne nabomannen var eigentleg ein merkeleg framtoning reint språkleg sett. Han hadde røter til området Stavanger og Skudeneshavn, men han hevda sjølv at han ikkje lærte å snakke norsk før på 1950-talet, da han var tre månader i Rogaland. Men han var alt for stø i norsk til at dette kunne vere den fulle og heile sanninga. Det står rett nok ikkje å nekte for at han ikkje treivst så veldig godt når feltarbeidaren begynte å slå om seg med palatalar, apokope og jamvekt, men ein treng ikkje å reise heilt til Canada for å oppdage at det finst folk som ikkje er 100% komfortable med inntrøndsk tungeartisteri. Mannen i huset snakka ikkje norsk, derimot var han interessant for meg – for han heitte Norem og hadde bakgrunn frå Inderøya. Og han visste også kor Røra var – og det er jo trygt å vite at ein så sentral plass på verdskartet også er kjent i Canada, det vitnar om danning. Av han fekk eg også høyre at det skulle bu ei Helde i dette etablissementet. Mange av slekta mi som reiste til Amerika, endra namne til Helde, dessutan visste eg at det var nokre av dei som reiste vidare nordover frå Dakota. På veg ut i bilen møtte eg denne dama, men som eg eigentleg hadde venta, så var dette ei heilt anna Hjelde-slekt.

Arbeidsdagen var tidleg over, i halv sekstida var vi på motellet igjen. Etter ein liten power-nap sette vi kursen tilbake til byen, vi ville jo sjå oss litt rundt når vi først var i denne byen. Det vart ingen langtur, berre ein liten runde langs med elva. Og kvelden vart så runda av med eit mål mat ved den gamle jernbanestasjonen.

Å slik går nu dagan her i det norske Canada.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 10. september: Saskatoon

Framleis er eg ein døgnvill mann, og sannsynlegvis rekk eg akkurat å finne den amerikanske rytmen før eg reiser heim, og da må eg igjennom den same prosessen igjen. Ja, prærielingvistikk er sanneleg slitsam moro. Igjen vakna eg i firetida, eg prøvde å sove vidare, men makta det ikkje heilt, så i femtida kom eg meg i kleda og prøvde å arbeide litt – eg innser at det tek til å haste med å få eit foredrag ferdig til Island. I sjutida banka Janne litt forsiktig på døra og lurte på om eg kanskje ville vere med ned på frukost, noko kroppsrytmen min var meir enn klar for. Vi hadde ein svært solid frukost og tok oss god tid, vi var jo alt ferdige med ei god arbeidsøkt. Etter dette samlingsstunda gjekk vi kvar til vårt igjen og arbeidde litt vidare, før vi i elleve-tida måtte snurpe saman pikkpakket vårt og sjekke ut frå hotellet, neste stopp var eitt eller anna TV-studio nede i sentrum, som vi ikkje hadde ei adresse til, anna enn at det låg på eit hjørne like ved ei Harley Davidson-sjappe. I gamle dagar ville nok dette ha fungert, men for oss i GPS-generasjonen, var dette informasjonsgrunnlaget litt tynt, så vi var ørlite usikre på om vi i det heile ville finne fram. Men med ein heldig kombinasjon av litt flaks og litt flaks, fann vi faktisk fram utan å slite så veldig. Og utafor studioet sto romsdalingen med oksygenflaska og venta på oss, klar for å lose oss vidare til eit nytt liv i eteren. Eg må innrømme at eg ikkje heilt visste kva eg gjekk til – når sant skal seiast, trudde eg at dei ville lage eit lite redigert innslag, og at en da kunne rekne med at all hosting, nysing og stotring ville bli redigert bort, og at ein dermed slapp i blamere seg heilt på ei riksdekkjande sending. Vel inne i studio gjekk alvoret opp for meg: Vi skulle vere med i eit direktesendt nyheitsprogram. I seg sjølv var det jo interessant å sjå korleis dette gjekk for seg – men eg var mest oppteken av å angre som ein hund på at eg hadde vorte narra med på dette. Etter nokre innslag om politikarar som hadde sagt noko meir eller mindre fornuftig, at godveret skulle halde fram og eit par andre viktige saker, var det altså vår tur. Programleiaren, som heitte Rogstad og som kunne seie eit par norske ord, stilte oss nokre spørsmål – eg klarer ikkje heilt å erindre om kva, og vi ga frå oss nokre stortrande svar medan vi flakka med blikket og vrei oss i stolen – eg har heilt fortrengt kva eg sa. Det einaste eg har eit klart minne om, er kor innmari lyst eg hadde til å nyse medan dette sto på – kombinasjonen direktesendt fjernsynsunderhaldning og lett pollenallergi treng ikkje alltid vere ei suksessoppskrift. Men eg klarte heldigvis å spare dei canadiske fjernsynssjåarane for ei slik rystande oppleving. Så var det plutseleg reklamepause igjen, det kom ein jente og tok av oss mikrofonane og losa oss ut, og eg må innrømme at dette er første gongen eg verkeleg har sett pris på reklameavbrot – og eg skal aldri meir seie eit vondt ord om fjernsynsreklame – i alle fall ikkje på ei stund. Vi gjekk så ut saman med romsdalingen og oksygenflaska, og vi fekk nesten med ein gong bekrefta at media har makt og at vi no hadde hatt det som Warhol omtala som «15 minutes of fame». For plutseleg stoppa det ein bil på sida av oss, sjåføren veiva ned vindauget, vinka til oss og sa: «I saw you guys on TV just now». Slik er det altså å ha kjendis-status.

Neste post på programmet var å møte nokre norskspråklege i ei av kyrkjene her i strøket. Romsdalingen dirigerte oss gjennom byen og til rett stad, og her skulle vi gjere opptak av dei tre første, to kvinner og ein mann. Eg merka at det er eit år sidan sist vi gjorde dette, å rigge opp utstyr og få det til å fungere tok meir tid enn det burde. Men vi kjem sikkert raskt inn i rutinen igjen. Vi delte oss inn i to lag, Janne var inne i kyrkjeskipet, og eg inne på møterommet. Eg hadde Gjertrud under behandling, og dette var ei triveleg dame som klaga på at ho var så lite snakkesalig. Men norsk kunne ho, og at ho hadde røter til Skudeneshavn, var heller ikkje så vanskeleg å høyre. Denne dama hadde arbeidd som sjukesøster i mange år, og banda til Noreg var også sterke. Både ungane hennar og barnebarna hadde vore på folkehøgskole i Noreg, og det hendte derfor rett som det var at ho snakka litt norsk med avkommet. Deretter var det turen til røslege Tor, ein tidlegare lærar og politimann med bakgrunn i Morgedal og Valdres. Og i samvere med slike folk gjekk tida fort, klokka gjekk mot seks da vi tok avskil, pakka saman og køyrde inn mot sentrum igjen.

Den neste utfordringa vår var å finne fram til det nye motellet. Og eg skal ikkje nekte for at eg var spent – og det hadde eg i og for seg grunn til å vere også. For dette var ikkje rare greiene, det var eigentleg eit motell slik ein kjenner dei frå utallege filmar, der ein parkerer bilen rett utafor rommet, og inngangsdøra til kvart rom er rett frå gardsplassen. Dette er også slik eg hugsar motell frå 80-talet da eg reiste rundt i Minnesota og Dakota-statane på jakt etter inntrønderar. Enkel møblering, slitt og kanskje ikkje heilt prima teppegolv, sannsynlegvis reine, men slitte sengeklede, ei velbrukt og ikkje så veldig komfortabel seng, slitte møblar, eit bad som også har sett sitt beste og med ein innestengt eim som er forsøkt kamuflert av kjemisk furunållukt på sprayboks. Dette er absolutt ikkje ein plass der ein bør kaste bort tida ved å slå om seg med kritiske blikk, for da er det fort eitt å anna så hengje seg opp i. Snarare bør ein ta av seg brillene og tenke på at her bur ein for å tene Konge og Fedreland, og at ingen offer da er for store. Joda, eg svartmåler kanskje litt, men det er ikkje så mykje her som inspirerer til kvitmåling heller. Jo forresten, det er ein ting: restauranten. For vi måtte jo ha oss mat, og da fann vi ut at vi skulle prøve restauranten her. Her hadde dei også eit merkeleg regime. Dersom vi budde på motellet kunne vi få maten til sterkt redusert pris mot at vi åt på rommet. Dersom vi i staden ville ete i sjølve restauranten, var det nesten norske prisar. Tanken på å ete på rommet var ikkje så veldig fristande, og alternativet var da å ete i sjølve restauranten. Men det var også tydeleg at det fanst kundar som ikkje heilt hadde fått med seg denne skilnaden. Bak meg sat det eit italiensk par, og eg kunne etter kvart høyre litt halvhøg munnbruk og ane skyggen av gestikulering med hender. Men sidan eg har folkskikk nok til ikkje å snu meg for å glane, vil dete vere andrehandsinformasjon, simultanreferert av Janne som sat betre til eg eg. Joda, den italienske kavaleren hadde bestilt billigmat for dei to – i tillegg til vin. Og dei vart litt overraska når dei fekk maten – pakka i isoporbrett og det tok så smått til å demre for dei at dei hadde gjort ein aldri så liten gastronomisk tabbe, for maten kunne dei ikkje ete inne i restauranten. Samstundes hadde dei også kjøpt to glas med vin som dei ikkje fekk lov til å ta med ut. Kattepine med andre ord. Endskapen på visa vart at dei, etter mykje intern krangling for å fastleggje ansvaret, og også forsøk på litt diplomatisk argumentasjon, endte opp med å slå vinen over i plastbeger, og med raske skritt forsvan dei ut. Dessverre såg eg lite av dette, men Janne er faktisk ganske flink til som munnleg referent i slike situasjoner.

Maten her var faktisk bra, men som i USA opererer dei med svært så rause porsjonar her borte. Så sjølv om ein er oppdregen til å ete opp maten sin, blir dette litt i overkant. Og dette var eigentleg slutten av dagen, akkurat no sit eg og kjempar ein heroisk kamp for ikkje å sovne, ein kamp som eg kjenner eg er på god veg til å tape, så det er nok best å krype i loppekassa.

Slik går nu dagan i det norske Canada.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 8. september og måndag 9. september 2013: Halden, Denver og Saskatoon

Ja, så var det på han igjen, da. For når Janne på Tekstlaben ringjer og fortel at ho har skaffa både reisepengar og nye norskspråklege informantar på andre sida av «Blåmyra», skal det ikkje så veldig mykje til for å overtale ein gammal prærielingvist til å slå følgje. «Sutkeisen» vart pakka, opptaksutstyret henta fram, og søndagsmorgonen klokka 10 sat eg på toget nordover til Gardermoen.

Togturen er det lite å fortelje om, forskarteamet vart fulltaleg ved at eg møtte Janne til Gardermoen. Sidan vi på heimvegen frå Amerika skal innom Reykjavik for å vere med på konferanse der, hadde vi ikkje anna val enn å reise med Iceland Air – eit selskap vi har uvanleg dårlege erfaringar med. Ikkje nok med at dette er eit selskap som har gjort manglande service til eit konkurransefortinn, men vi har tidlegare vorte ståande fast både i Reykjavik og ute på prærien fordi dette selskapet tydelegvis gjerne har eit litt avslappa forhold til slike ting som reiseruter og tidsplanar. «Viss du har det så travelt, kvifor reiste du da ikkje i går?», ser ut til å vere haldninga til denne gjengen. Men underets tid er tydelegvis ikkje over: Innsjekkinga gjekk greitt, og sidan islendingane denne gongen verken kunne varte opp med vulkanutbrot, streikevillig bakkepersonell, motortrøbbel eller andre aparte ting, hadde vi heller ingen problem med å kome oss til Reykjavik. Og etter ein kort stopp på Keflavik kunne vi gje oss i kast med neste etappe – til Denver, Colorado. Heller ikkje denne turen var fullpakka av sterke opplevingar. Vi prata litt, sov litt, las litt, arbeidde litt, og slik gjekk dei vel sju timane unna, heilt utan dramatikk og nesten utan turbulens. Dersom ein er lettskremd, kunne vi kanskje ha hengt oss litt opp i at dataskjermen som viste reiseruta vår, insisterte på at vi skulle til Paris, eller at piloten ti minutt før landing kunne melde at vi på grunn av uver måtte sirkle litt rundt i grenseområda mellom Nebraska og Wyoming, men vi merka ikkje noko til uveret, og vi slapp også å vente så veldig lenge før vi fekk lov til å lande. Vi kom oss greitt igjennom passkontroll og toll, og i åtte-tida på kvelden lokal tid, som for ein norsk skrott var klokka fire om natta, kunne vi sjekke inn på hotellet vårt. Og det vart på ingen måte ein seinkveld, etter ein liten matbit tok vi kvelden.

Vanlegvis har eg eit velutvikla talent for å sove, eg har spisskompetanse på å sove veldig tungt, og på ein god dag kan eg også finne på å sove tungt veldig lenge. Men desse kvalitetane fekk eg ikkje heilt til å utnytte i natt: Eg vakna fleire gonger og klarte aldri heilt å gå i koma. Og folk som kjenner meg, bør også vite at eg aldri ville finne på å stå opp før klokka er fem om morgonen dersom det ikkje var noko heilt spesielt. Det var det ikkje, likevel klarte eg ikkje å sove vidare, så eit par timar før det var dagslys, kravla eg meg opp, henta meg eit stort beger med kaffi og sette meg til å arbeide litt. Litt over åtte tusla eg ned i matsalen, og ikkje lenge etter dukka også Janne opp. Programmet for dagen var i og for seg svært enkelt, vi skulle fortsette reisa vår opp til Saskatoon. Sidan det var eg som bestilte hotellet via nettet, kan eg jo sjølvsagt ikkje seie anna enn at Red Lions Inn er eit makelaust etablissement, særleg når det gjeld omfanget på døropningar og ikkje minst evnene til å få eit stor og i og for seg OK rom til å bli svært upersonleg og sterilt. Men rett skal vere rett, frukosten var faktisk svært bra etter amerikansk standard og kunne by på meir enn berre tynn kaffi og ein søt, klissete smultring med sjokoladetrekk og strøpulver. Og sidan rytmen i kroppen var litt i ulage, var det frykteleg godt å ta seg god tid ved måltidet. Bussen frå hotellet skulle gå klokka ni, og nokre minutt før kunne eg sjekke ut og ta med bagasjen min bort til bussen. Eg trudde eg hadde veldig god tid, men sjåføren hadde ei litt anna syn på den saka: han ville gjerne kome seg i veg med ein gong. For meg kunne det i og for seg vere greitt, men så er det no ein gong slik at det er Janne som rår over pengane for denne moroa, og ho dukka ikkje opp. Sjåføren tok til å bli utolmodig og ymta frampå om at han hadde ei køyrerute som han måtte halde seg til. Men Janne hadde god tid. Snart gjekk sjåføren og sette seg bak rattet og starta motoren. Framleis hadde Janne god tid. I heimen er eg kjent for å vere ekstremt avslappa og flegmatisk – noko som sikkert kan vere ei utfordring for dei fleste som lever under tak saman med meg. Men samstundes: her trudde eg faktisk at eg hadde møtt ein overmann, for ikkje å seie overdame; for det var ei svært så avbalansert Janne som til slutt dukka opp i dørgløtten med reiseeffektane sine. Det viste seg at Janne hadde stilt klokka si meir etter gefühlen enn etter Système International d’Unités. Men ho kom seg da med. På flyplassen måtte vi gjennom nye rundar med innsjekking, gjennomstråling, sjekking og hjelpelaus leiting etter rett utgang. Men vi fann fram, og vi hadde også god tid før flyet skulle gå, så eigentleg kunne vi ha følgt det gefühl-stilte armbandsuret til Janne.

Flyturen nordover til Saskatoon gjekk også bra – og det er lite å fortelje om frå desse 150 minutta, anna enn at dette på ingen måte var ein jumbojet – på ingen måte; og eg forsto plutseleg at når vi i gym-timane hadde ei øving som gym-læraren kalla «å gå gås», så skulle også det kome til praktisk nytte ein dag, for her var det uråd for XXL-folk å gå på folkeleg vis. Sidan Newtons lov også gjeld i Canada, kom vi oss ned, det vesle flyet rulla bort til terminalen, og der venta ein ny runde med passkontroll. Amerikanske grensevakter er gjerne skeptiske tøffingar som legg all prestisje i å leve eit liv i prinsippfast nulltoleranse. Dei manglar heilt humoristisk sans og har derfor også ein svært dvask og utrent smilemuskelatur. Vaktene i Canada ga eit heilt anna inntrykk. Janne og eg vart sendt inn i kvar vår gate – eg møtte ein smilande kar som meinte det måtte vere toppen av lykke for ein filolog å få lov til å reise rundt i Canada og snakke med norskspråklege. «Have a nice vaccation», ropte han etter meg. Og Janne gjorde verkeleg kuppet: Grensevakta som kontrollerte henne, var medlem av Sons of Norway, og ho hadde også foreldre som ho meinte kunne snakke norsk. Avtale om opptak vart gjort på flekken. Vi kom oss gjennom alle kontrollpostane, og ute i hallen venta kontaktpersonen vår, ein godt vaksen og svært vital herremann med romsdalsk arvemateriale og ei oksygenflaske over skuldra. Han kunne fortelje at han ikkje brukte oksygen til vanleg, berre når han var retteleg «eksaita», og det var han altså over at vi skulle kome. Han skal vere gaiden vår dei neste åtte dagane, og han har også laga vekeprogrammet for oss. Vi håper at denne staute romsdalingen har klart å finne fram til gode informantar – det vil vi finne ut i morgon når vi skal møte dei første. Deretter tok vi avskil med gubben og oksygenflaska og gjekk for å hente ut leigebilen, noko som ikkje var heilt utan problem: Den biltypen vi hadde bestilt hadde dei ikkje inne, og dei var også tomme for GPS-ar, eit hjelpemiddel som vi avhengige av for å finne fram her i litt urbane strøk. For å kompensere litt, skulle vi få låne den største SUV-en dei hadde, og dei skulle kontakte oss så snart dei hadde fått inn ein GPS. Og kontakta oss gjorde dei: ein dresskledd kar med GPS i handa kom i fullt firsprang bort til oss medan vi dreiv med å laste inn i bilen. Dermed var vi «all set» og kunne setje kursen til hotellet vårt.

Hotellet var i og for seg OK, men det ligg midt i eit heller trist industriområde. Janne har vidare lagt seg til slike vanar at når ho er på hotell, skal ho helst ha tilgang til basseng. Og basseng hadde dei, det sjekka eg da eg bestilte, men eg undersøkte derimot ikkje om dei har vatn i det. Og det siste har dei sjølvsagt ikkje, så Janne får klare seg som best ho kan på fast grunn i morgon tidleg. Og det ser ikkje ut til at ho kan sjå fram til så mykje badeliv under resten av opphaldet her borte heller. Sjølv om vi skal vere her i Saskatoon heile tida, hadde eg berre bestilt hotell for den første natta, overnatting bruker jo å ordne seg så greitt her borte i Amerika. Dessverre har eg berre erfaringsbakgrunn frå USA, her i Canada ser det ut til å vere litt annleis. For da vi sette oss til med å leite etter overnattingsplassar for resten av opphaldet her, var det svært lite å finne. Joda, dersom ein var villig til å bla opp eit par tusenlappar for ei natt, så var det eit par etablissement å velje i. Men reisebudsjettet vårt toler ikkje slik luksus. Vi fann rett nok eit relativt billig eit, men kommentarane får tidlegare gjester var ikkje særleg lovande: «I’d rather sleep in my car», var det ein som skreiv, og samanlikna med nokre av dei andre kommentarane, så var det nesten som eit komplement – for det må jo bety at i det minste så er ikkje parkeringsplassen heilt ubrukeleg. Etter mykje søk og slit, fann vi omsider noko som ut frå både pris og kommentarar ser ut til å vere akseptabelt, i morgon får vi sjå om dette også er eit rottereir.

Resten av dagen skjedde det ikkje så mykje, vi fann oss ein restaurant og kjøpte fish and chips; vi handla batteri og andre småting, vi la litt planar for feltarbeidet, og ikkje minst så var vi stuptrøytte. Klokka var derfor berre litt over åtte da vi kapitulerte og gjekk kvar til vårt. I morgon startar feltarbeidet, og før det skal vi visst også intervjuast på TV – akkurat det siste er absolutt ikkje mitt påfunn. Trøysta er at det er lite kjentfolk her ute på viddene som kjem til å glåme på oss når vi er på lufta.

Og slik går nu dagan her i Canada.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 5. oktober

Da går det mot slutten på opphaldet vårt her, i morgon reiser vi heim, derfor blir nok dette også den siste dagen med blogging om da ikkje noko spesielt skulle dukke opp.

Vi møttest til frukost kvart på åtte, og da hadde alt kvinnegruppa vore i bassenget, medan vi karane hadde prioritert å utforske baksida av augelokka. Frukosten var bra; omelett og flesk med juice og kaffi til bør vere ein grei start på dagen. Klokka halv ni sette vi kursen mot Mindekirken, og der kunne vi installere oss på møterommet. Det viste seg at vi dei hadde klart å finne fram to informantar til oss, og her var det meir urbane folk der ein nok ikkje kjem så veldig langt med dei tradisjonelle sikkerstikka mine for ein laus og ledig konversasjon på prærien: disc, combine, bailer og blower.

Den første var ei dame i siste halvdel av 30-åra med røtene til Vestfold, ei pratsam dame som også kunne fortelje at ho hadde arbeid på den norskspråkelege barnehagen i byen. At det i det heile finst noko slik, var heilt nytt for meg. Og etter intervjuet var ferdig snakka eg litt vidare med henne for å få litt meir greie på kva dei driv med på denne barnehagen. Deretter venta det ei gamal dame i rullestol som også meinte ho kunne norsk. Det vart ein nokså tung samtale, stort sett glei ho over i engelsk, så det vart ikkje ein slik grand finale som ein gjerne kunne ha tenkt seg. Men når ho og barnebarnet hadde sett av tid for å hjelpe oss, kunne vi eigentleg ikkje berre bryte av heller, sjølv om det var litt fristande. Vi heldt praten gåande ein halvtimes tid, og klokka gjekk mot tolv når vi med godt samvit kunne takke for samtalen. Dermed pakka vi saman, tok ein titt rundt i kyrkja og lempa utstyret inn i bilen. No var jobben gjort, og dette skulle markerast gjennom litt utagerande shopping i Mall of America, det enorme kjøpesenteret som dei har her borte. Eirik var kanskje ikkje så veldig entusiastisk over å skulle bruke fleire timar på å gå frå butikk til butikk, men han kakka seg no med. Etter ei intens økt her, reiste vi tilbake til hotellet, der det var gratis drinkar i baren, og det måtte vi jo få med oss. Deretter var det middag på pizza-restaurant før kvelden vart runda av med filmen Fargo lasta ned frå nettet. Og slik endte den siste dagen her i dette merkelege landet.

Ja, slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 4. oktober

I dag tidleg forstod vi kor dumme vi var som hadde slått oss ned i Eau Claire: no hadde vi avtalar i Ettrick og Osseo, noko som betydde at vi måtte bruke over ein time på å køyre tilbake og forbi området vi var på i går. Dessutan gjekk det opp for ei av oss (eg viser diskresjon og nemner ikkje namn) at ho kanskje ikkje hadde gjort endelege avtalar med informantane vi skulle til. Mobilnettet her borte er av same kvalitet som det norske naudnettet, sannsynlegvis levert av Motorola, og derfor er det berre av og til at mobilen vår fungerer her – meir av enn til, faktisk. Vi slumpa etter kvart til å få så mykje dekning at vi kunne ringje den eine informanten (som vart overraska over at vi likevel skulle kome), men før vi rakk å kome i kontakt med den andre, mista vi dekninga igjen. USA kan faktisk vere eit teknologisk møkkaland! Vi fann utan problem fram til den første informanten, og han hadde på kort varsel mobilisert tre andre karar. Og da vi duva inn på gardsplassen med prærieskonnerten vår, møtte vi gamle kjente: To av informantane som vi hadde i Blair for to år sidan, var også varsla. Og inne sto verten klar med kaffi og «malassi-kokkis».

Her fann vi det best å arbeide litt maskinelt, vi rigga opp to kamera, eit i kvar stove, så kunne kjøkkenet fungere som venterom. Der inne var det god stemning, og informantane som eg hadde under behandling var også greie å ha med å gjere og ikkje uvillige til å snakke, sjølv om det ikkje alltid var like lett å få dei til å snakke norsk. Når eg såg meg litt rundt i rommet, såg eg at omgjevnadene oste maskulinitet og viste få teikn til kvinneleg påverknad. Men her er eg nok på litt tynn is, eg har på ingen måte brukt kvantitative metodar for å få innsyn i kva som er kvinneleg smak når det gjeld interiørarkitektur. Eg veit berre at dersom eg hadde insistert på å dekke store delar av stoveveggen heime med utstoppa dyrehovud eller velvaksne fiskesluggar av ymse slag, så hadde det nok resultert i ei aldri så lita ekteskapleg meiningsutveksling. Og eg hadde nok heller ikkje sanka så veldig mange plusspoenga dersom eg på permanent basis hadde dekt stovegolvet med eit imponerande utval av jaktutstyr. Men det er godt muleg at amerikanske kvinnfolk har ei litt anna tilnærming til dette, kva veit eg ….

Så snart vi var ferdige med opptaka, ville informanten James vise oss litt rundt i området, og han tok oss da med til gravsteinen sin, der han alt hadde fått skrive inn namnet sitt; farmen sin, der han dreiv oppdrett av fjordingar, og også til ein heim der dei hadde bygd opp eit «norsk» stabbur. Det er alltid interessant å få innsyn i korleis amerikanarar tenker og korleis dei har det, og eg innser at vi som driv med denne typen feltarbeid, er svært privilegerte. Det er neppe så mange norske turistar som får sjå slike aspekt av amerikansk åndsliv.

Deretter måtte vi vidare til ein heim utafor Osseo. GPSen tok oss dit, og da vi kom fram, var det heller ikkje nokon tvil om at vi hadde kome rett. For her vaia det norske flagget over farmen, og gardsplassen var full av bilar, det kunne nesten minne om parkeringsplassen på samfunnshuset heime når Røra idrettslag har bingo. Og det var særleg imponerande sidan heller ikkje desse fekk bekrefta besøket vårt før berre eit par timar før vi dukka opp. Her har dei tydelegvis svært gode varslingsrutinar.
Vertsskapet tok imot oss i døra, kona snakka ikkje norsk, men det gjorde derimot mannen. Og inne i hagestova var det fullt av folk som sat og venta på oss. Det var eit litt uoversiktleg landsskap å orientere seg i for oss, for i starten var det litt uklart kven som kunne snakke norsk, og kven som var her berre for å sjå på. Men i det minste var det 5-6 karar her som kunne dette gudgjevne språket, og det kunne også hende at vi kunne klare å lokke ei eller to av kvinnene til å sitje framfor kameraet.

Dei hadde eit stort og fint hus med fleire stover, så igjen kunne vi rigge oss til i to rom og drive maskinelt feltarbeid. Vertinna hadde også diska opp med lunsj til oss, og har var det fleire interessante rettar som ein kanskje kan prøve å introdusere heime. Ein av favorittane var brødskive med smøreost dekt med knust potetgull. Kreativt! Når eg kjem heim, bør eg kanskje prøve å imponere familie og vener med kneipbrød med leverpostei og ostepop som pålegg – eller kanskje ikkje.

Vi prøvde å vere så effektive som vi berre kunne og hadde eit høgt tempo i arbeidet vårt. Vanlegvis liker eg å ha god tid når eg snakkar med norsk-amerikanarar, det er først da at ein kjem litt under huda på folk. På den andre sida, vi hadde venta å finne to eller tre her, dei var seks eller sju. Og vi hadde ei lang reise inn i Minnesota framfor oss, derfor måtte det gå litt kvikt unna, samstundes som vi måtte prøve å dokumentere sentrale sider ved språket deira. Men eg trur nok at ettertida kan ha ein kritisk merknad eller to til tempoet vårt, men det får stå sin prøve, når den tida kjem er eg sikkert så gammal at eg berre kan ta ut batteriet i høyreapparatet når kritikken blir ubehageleg. Utpå ettermiddagen tok det til å tynnast med folk, og vi kunne pakke saman og gjere oss klare for turen vidare – det venta oss rundt tre timar før vi var i Minneapolis. Men før vi reiste, ville verten vise oss den gamle homestead-farmen som han dreiv og restaurerte. Også det var interessant.

Deretter venta asfalt, etter ein times tid passerte vi Eau Claire, det vart mørt og vi kryssa grensa til Minnesota, og i kveldsmørket såg vi storbyen framfor oss. Vi hadde ikkje bestilt noko hotell, så vi skulle prøve å finne noko i Minneapolis. Igjen må eg gjenta at GPSen er eit makelaust hjelpemiddel når ein veit kor ein skal, men det er nesten ubrukeleg når ein berre vil vite kor ein er. Kart er mykje betre, men i Minnesota kjem ein ikkje så veldig langt med eit Wisconsin-kart, om det er aldri så detaljert. Uansett, vi kom fram til eit bysentrum, og vi meinte også at vi kjente igjen oss, så vi tok til å leite etter eit motell som vi hadde i fjor. Men utan hell, til slutt berre køyrde vi rundt i håp om å finne noko. Som eit Soria Moria-slott dukka da Embassy Suits and Inn opp, og Janne gjekk inn for å sjekke prisen. Det var relativt dyrt, men dei hadde rom, så vi slo til. Så dette blir plassen der vi skal «spenne» dei siste to nettene i Statane for denne gongen. Vi forsto også no kvifor vi ikkje heilt klarte å finne det motellet vi leitte etter, og forklaringa var svært enkel (men også utruleg pinleg): vi var i feil by! For dette var St. Paul, og ikkje Minneapolis. Men desse to byane blir kalla «Twin cities», så det spelar inga stor rolle, anna enn at Eirik no fekk innsyn i kor håplause vi to gamlingane er: Så langt har vi anstrengt oss for å gi inntrykk av at vi er lommekjente her borte – ja, sure, you bet, der forsvann nok den illusjonen, ja …

Hotellet var av ein litt annan standard enn det vi hadde i Westby, med galleri mot atriet og suitar. Men det var også ørlite slitt. Vi gjekk ned i baren for å få oss litt mat (som ikkje var så veldig god) og eit glas øl (som smakte betre), deretter tusla vi opp til romma våre. Sjølv om vi no er i ein amerikansk storby som sikkert har noko som kan kallast eit natteliv, var tanken på noko slikt ikkje så veldig fristande. Dagen har vore svært lang og krevjande, og i morgon har vi nye avtalar i Mindekirken klokka 9.

Og slik går nu dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 3. oktober

Dette er siste dagen i Westby for denne gongen. Og når eg skriv «for denne gongen», så er det fordi eg gjerne vil tilbake igjen til denne merkelege plassen, sjølv om ein i denne «bisnissen» aldri veit om det blir ein gong til. Janne, Eirik og eg hadde «påsså»-frukost igjen, sjølv om osten no var svært så sveitt og det som var igjen av «summer sausage» i liten grad klarte å gjenskape gode minne om sommar. Så langt har vi hatt glede av at motell i det minste kan by på juice, men også dette var dei tomme for. Så det vart eit nokså enkelt måltid, kan ein kanskje seie – inga stjerne i Michelin-guiden denne gongen, nei. Uansett, da denne restematen var konsumert på svært feltmessig vis, var det på tide å starte arbeidsdagen. Og arbeid i denne samanhengen var å køyre bil inn til byen for å handle suvenirar og anna juggel. Janne og Eirik skulle innom Degernes, medan eg gjerne ville snakke nokre ord med Iversons ein siste gong. Her må eg innrømme at eg fekk eit uventa problem – eg klarte ikkje heilt å kjenne meg igjen i Nordbyen. eg måtte kruse litt fram og tilbake i gatene før eg fann huset deira. Ron var ikkje heime, men det var eit varmt gjensyn med Sandra. Ein må vere svært avstumpa dersom ein ikkje blir glad i desse folka. Eg kunne ikkje hefte lenge, Janne og Eirik venta på meg nede i «giftståret», eg tok farvel og sette kursen tilbake til sentrum igjen. Degernes er eigentleg ein merkeleg plass, her har dei veldig mykje rart av norsk-amerikansk nips. Og sjølv om det meste her er retta mot norsk-amerikanarar, så er det også eitt og anna som er eksotisk for oss nordmenn.

Tida gjekk fort medan vi var der, men det er også meiningslaust å reise frå dette området utan å sjå på ein norsk kyrkjegard, og den næraste var ved Coon Prairie-kyrkja. Dit måtte vi, men vi hefta ikkje så lenge fordi vi hadde ny avtale i Hixton klokka 12. Turen oppover gjekk utan problem, og nokre minutt etter skjema var vi på plass i Hixton. Der venta det eit ektepar som hadde bakgrunn frå Østerdalen, i tillegg skulle vi møte to PhD-studentar frå Madison som ville vere med på dette. Østerdølane var trivelege folk, og dei hadde diska opp med mat til oss da vi kom, deretter vart det opptak. For mannen glei dette godt, for kona var det litt «hardare», og vi bytta på å intervjue dei. Vi kunne ta kveld relativt tidleg, klokka gjekk til fire da vi pakka saman utstyret vårt og pakka det inn i bilen. Deretter skulle vi finne oss ein plass å sove, og utan å sjekke kart, så kom eg med gode forslaget at vi kanskje kunne prøve Eau Claire, som låg ein times køyring unna. Dessverre var det ingen som protesterte, og som tenkt, så gjort. Her fann vi eit OK motell og da kunne vi faktisk ta nokre timar fri – berre det å kunne trekke seg unna litt er godt når ein driv med intenst feltarbeid på denne måten. Eirik og Janne ville berre slappe av på rommet, eg ville ein tur ned til sentrum for å sjå på huset til Valdemar Ager, ein av dei store norsk-amerikanske høvdingane for hundre år sidan. Og for å gjere ei lang historie kort, eg køyrde gate opp og gate ned, men eg klarte ikkje å finne noko sentrum eller noko Ager-hus. GPSen er eit utruleg hjelpemiddel – så lenge ein veit adressen dit ein skal. Veit ein ikkje det, er det verre. Så desse to timane kunne eg ha brukt på noko meir fornuftig, men det får så vere. Kvelden avslutta vi med middag og TV-debatt mellom Romney og Obama.

Og slik går nu dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 2. oktober: Westby, Stoddard

I dag starta vi dagen med «påsså», dette geniale prærielingvist-konseptet som Janne og eg introduserte i fjor: Tørrmat, pålegg og litt frukt i ein «påsså». Frukosten på dette hotellet er ekstremt amerikansk, dvs. søt og klissete, derfor fungerer påssån svært godt her. Deretter sette heile gjengen kursen nedover dalen til Stoddard, der vi skulle heim til Douglas. Vi kan vanskeleg seie anna enn at vi sleit litt med å finne fram, men det hang nok saman med at vi i litt for stor grad hadde etablert tiltru til den nye GPS-en vår. Men det glupe her borte er at kvart hus har eit individuelt «brann-nummer», slik at brannvesenet lett skal kunne finne fram. Og det er ikkje berre staute brannkonstablar som har glede av slikt, det kan faktisk også kome språkvitaren til gode. Douglas er ein pensjonert lærar som vi møtte i fjor, men da svikta teknikken litt (Når sant skal seiast, så var det kanskje meir menneskeleg svikt enn teknisk svikt, men det er ei anna histore som eg kan plage andre prærielingvistar med i mange år framover.) Douglas var svært stolt av å vise fram heimen sin, og det står ikkje å nekte for at han også budde svært så bra med eit sjarmerande hus og utsyn over dalen og over mot Minnesota. Etter ei kort tid her delte vi oss, Janne og Luke sette kursen tilbake til Westby, medan vi andre starta opptakssenansen. Det er ikkje nokon tvil om at Douglas har nytta tida godt sidan i fjor. Da sleit han verkeleg med å snakke, og eg har aldri sett ei slik kroppsleggjering av språktap. No sleit han også litt, men på ingen måte så mykje som han gjorde da: Det er tydeleg at han må ha trena litt, og det hadde han nok også, ikkje minst gjennom å skype med slekt og kjenningar i gamlelandet.

Etter eit par timar heime hos Douglas, skulle turen gå vidare til Borgen’s for å møte gamle kjenningar som Florence, Howard og Archie. Men her måtte eg dessverre melde pass. Etter at eg kom til Amerika, har eg hatt småproblem med magen min, men no tok dei til å bli heller plagsame. Så medan dei andre gjorde feltarbeid på Nordryggen, kunne eg gle meg over i fred og ro å studere porselensarbeid frå dette kontinentet medan eg «ropte på elgen» – eg skal ikkje gå i nærare detaljar her. Denne fauka stod på ei stund, men eg sovna etter nokre timar, og da eg vakna i seks-tida, var eg i rimeleg god «sjeip» igjen, og da gjekk eg meg ein runde opp til byen for å sjå meg litt rundt på gamle tomter. Det er utruleg irriterande å skulle bli småsjuk slik når ein er ute på feltarbeid, men dette er dessverre noko ein får finne seg i. Eg håper at eg er ferdig med slikt for denne gongen.

No sit eg på motellrommet og skriv, dei andre har sikkert lagt seg, og i morgon ventar ein ny dag med feltarbeid. Og etter ei solid økt med «Cairo Quickstep» i dag, er det nok best å krype til sengs no.

Og slik går nu dagan!

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 1.oktober: Rochester og Westby

I dag hadde vi gjort avtale med Larry Leum og resten av feltarbeidsgjengen om å møte på Borgen’s cafe i Westby klokka 11, og dermed hadde vi ikkje tid til så mange sprell på vegen. Motellet vi tok inn på, var av rimeleg god standard, og Janne kunne ta seg nokre rundar i bassenget, medan vi karane tok livet litt meir med ro på morgonkvisten. I åttetida hadde vi frukost, og den var heller ikkje så heilt ille, når ein samanliknar med vanleg standard her i dette merkelege landet. Deretter sjekka vi ut, lasta utstyret vårt inn i prærieskonnerten og sette kursen sørover. Dette er kjente trakter for meg, og eg har køyrt denne vegen mange gonger, sjølv om det er litt merkeleg å vere tilbake igjen. Vi kom etter ei stund ned til Mississippi-elva, og veret var også i dag godt, så turen ned langsmed elva var svært vakker. Vi kryssa deretter Mississippi og kom inn i La Crosse. Dessverre hadde vi ikkje så god tid, så eg fekk ikkje mulegheit til å stikke innom gitar-sjappa hans Dave. Slikt burde eigentleg vere straffbart, det bør ikkje vere muleg å reise gjennom denne byen utan å måtte stikke innom sjappa hans. Men her er det snakk om å ofre alt for å flytte forskingsfronten framover, og da får dessverre gitarbutikk vere gitarbutikk.

På Brogen’s var det stinn brakke da vi kom, Larry hadde funne fram til fleire informantar, i tillegg satt det fleire språkvitarar der, slik at vi no var seks feltarbeidarar til saman. Det var fleire som kom bortom bordet vårt for å helse på, og også gamle kjenningar som Ron Iverson stakk innom. Larry hadde også fått tak i ungdomsalibiet «Johan» på 51, han skulle kome klokka «halv over ølløv». Johan er den yngste eg nokon gong har møtt i dette området, og han er ein lun og humoristisk type. Etter kjøttkaker og lefse tok Larry og Johan oss med til tanta til Johan, ei litt sky dame som etter det nevøen sa ville like å snakke norsk. Larry, Luke og eg venta ute og løyste dei fleste verdsproblema medan resten av gjengen gjorde opptaksarbeidet her. Vi hadde det retteleg triveleg under lønnetreet, og det er kanskje litt synd at eg ikkje skrudde på opptakaren. På den andre sida, det må også vere muleg for folk å opne kjeften utan at ein skarve språkvitar skal stikke ein mikrofon opp i munnen på dei.

Etter denne seansen tok Larry oss med utover mot Sørryggen, der vi skulle få møte Verlin. Dette var også ein kar som snakka godt norsk, fram til det siste hadde han dagleg snakka norsk med bror sin på telefonen. Og her kunne Larry og Verlin snakke om laust og fast medan opptaksutstyret snurra og gjekk. Og det var sein ettermiddag da vi sette kursen mot motellet på Old Towne. Det geniale ved å ta inn her var at restauranten låg like ved: det vi ikkje tenkte på, var at dei hadde stengt på måndagar. Derfor måtte vi sette kursen til Viroqua for å få oss ein matbit på Pizza Hut. Det vart vi sitjande og snakke om språk i lang tid, i alle fall lenge nok til å finne ut at å markere bestemtheitssuffikset med apostrof i svensk er eit bombesikkert kjenneteikn på manglande danning. Noko verre kan ein vanskeleg finne. Det var sengetid da vi returnerte derifrå.

Og slik går nu dagan…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 30. september: College Park, Minneapolis, Zumbrota/Wanamingo og Rochester

Dette vart ein nokså hektisk dag. Eg skulle reise saman med Janne og Eirik til Minnesota for å begynne feltarbeidet. Det starta med oppbrot frå hotellet i ti-tida, vi sjekka ut og fekk skyss ned til flyplassen. Der møtte vi «trønder-bataljonen» frå NTNU, som også skulle vere med flyet til Detroit. Flyplassen i College Park er ikkje rare greiene, og det er ting her som lett kan dra tankane til kortbanenettet heime. Eirik og eg klarte utan problem å sjekke inn elektronisk, men det var litt verre med Janne, ho hadde tydelegvis ikkje billett. Det var jo i og for seg rart, sidan ho hadde bestilt og betalt billett for oss alle tre. Men klerken bak disken var påståeleg, og eg skal ikkje nekte for at de spreidde seg ei aldri så lita uro i reisefølgjet. Men etter mykje akkedering og «rage against the machine», ordna det seg til slutt.

I Detroit hadde vi lunsj før vi tok avskil med gjengen frå NTNU, dei skulle heim, vi skulle inn i det norske prærielandet. Og etter ein ny flytur på rundt to timar var vi endeleg framme i Minnesota. Her fann vi fram til Dollar bilutleige, Janne drog kortet, og vips så fekk vi utlevert nøklane til ein tolleg røseleg og sølvblank prærieskonnert. Her må eg nok smette inn at trass i at ein kan håpe at Eirik vart bittelitt imponert over doningen, så har Janne og eg vore ute med slike farkostar tidlegare: Chevroleten var grei den, men vi har nok sett og hatt større monster tidlegare. Uansett, med denne skuta sette vi kursen sørover ned mot Goodhue county og stjørdalingane rundt Wannamingo og Zumbrota. Det står ikkje å nekte for at vi er heldige med veret, temperaturen var god, ettermiddagssola skein, og no tek også lauvtrea til å skifte farge, så det var svært vakkert på turen nedover. Vi var framme i Zumbrota i god tid, så vi tok ein ørliten avstikkar berre for å sjå oss litt rundt i dette åkerlandet. Deretter sette vi kursen heim til ekteparet Irene og Sigurd, to svært taleføre stjørdalingar med røtene opp til Skjelstadmarka. Desse hadde vi også i fjor, og da avslørte Irene at ho framleis hadde levande konjunktiv. Denne gongen hadde ho invitert tre andre norskspråklege, så vi konsentrerte oss om desse. Også dette var interessante folk, den som snakka best, var ein liten, spretten og relativt nygift kar tidleg i 80-åra. Han vart slusa ned i kjellaren, der Janne oppretta Studio 1, medan Eirik og eg styrte med Studio 2, og her kom det også ein svært interessant kar på over nitti år. Han var rett nok litt ustø i norsken, men samstundes hadde han ei fantastisk livshistorie å fortelje. Han hadde vore navigatør på amerikanske bombefly under krigen og var nok svært heldig som kom frå det heilskinna. Etter mange år i flyvåpenet dimitterte han og tok seg sivil jobb, men i 1962 måtte han dra på seg uniforma igjen og stille som navigatør på ein B-47 Stratojet stasjonert i Wisconsin, med to hydrogenbomber i bomberommet og Moskva som mål. «This was not a joke», sa han, og det tvilar eg ikkje på. Han kunne også fortelje at han i militærtida si hadde gjennomgått ein språktest for å finne ut kor godt han snakka norsk, intensjonen var vissnok å plukke ut kandidatar som liaison-offiserar i Noreg. Og dette hadde han god lyst til, men han gjorde det svært dårleg på denne testen: det dei testa, var riksmål – han snakka berre «trondhjemmer». Den tredje informanten var ein hesteinteressert kar midt i 70-åra. Han hadde hatt slag, og var slik sett kanskje ikkje den heilt perfekte informanten. For det meste glei han over på engelsk. Men har arbeidde målretta for å bli betre etter slaget, og han hadde eitt mål: å kunne reise ein siste gong tilbake til Trøndelag. For meg som trønder kan ein lett bli sentimental av slikt.

Etter eit par timar med intervju og litt drøs rundt kaffibordet sette vi kursen vidare sørover til Rochester, der vi hadde bestilt motellrom. Og klokka gjekk mot elleve før vi kunne finne romma våre.

Og slik går nu dagan i Minnesota.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

26.-29. september 2012: Halden, Gardermoen, Amsterdam, Detroit, College Park, The Nittany Lion Inn

Så er det på han igjen med ny tur «over there»; denne gongen er det først workshop ved Penn State University i Pennsylvania, deretter ventar ei knapp veke med feltarbeid i Minnesota og Wisconsin. Her skal vi delvis trampe på gamle tomter, men vi har også blinka oss ut nokre nye plassar, og vi håpar at vi skal klare å gjere gode og interessante opptak også denne gongen.

Oppstarten heimafrå var i folkeleg tid, nokre minutt før klokka 9 kunne junior skysse meg ned til stasjonen, og i tolv-tida var eg framme på Gardermoen. Her kunne eg etter kvart møte resten av den norske ekspedisjonen, og denne gongen stilte Tekstlaboratoriet ved UiO med heile to medlemmer: Janne og Eirik. Om reisa er det nok ikkje så mykje spanande å berette, vi fekk ein solid dose turbulens ut Oslofjorden, det var nok det einaste dramaturgiske høgdepunktet, om no slik risting i det heile kan kallast eit høgdepunkt. Amsterdam er som flyplassar flest, Delta er som flyselskap flest – eller nei, det siste er kanskje ikkje heilt korrekt: Her har dei framleis ikkje fått med seg at folk skal behandlast som kveg, dette selskapet kan faktisk framvise noko som med litt godvilje kan minne om service i den forstand at ein kan få både litt vått og tørt, og det er heller ikkje noko som tyder på at dei med det første vil ta betaling for do-besøk. Etter nesten ni timar i lufta landa vi i Detroit for å bytte fly. Og dette er heller ikkje ein flyplass som fortener så frykteleg mange orda i ein reiseguide, det einaste eg kan seie, er at eg også var her i 1987, og at alt, frå veggfargar til golvteppe, ligg til rette for at ein lett skal kunne kjenne seg igjen. Den siste flyturen, frå Detroit til College Park gjekk heilt utan problem, og rundt midnatt var vi framme på hotellet og klare for senga etter ei lang reise.

Torsdag vart nokså hektisk: Kristin frå NTNU og eg skulle da halde foredrag, og det er nok synd å seie at vi hadde finpolert manuskriptet vårt før vi reiste. Rett nok hadde vi gjort mykje grovarbeid; vi hadde gjort unna mykje på kvar vår kant før vi reiste, men delane var på ingen måte sydd saman på førehand. Derfor teikna det til at dette skulle bli ein veldig hektisk dag sidan vi skulle halde foredraget same ettermiddagen. Men samstundes må det her nemnast at Kristin meinte at vi hadde kontroll, noko eg derimot – rett nok i mitt stille sinn – stilte meg litt tvilande til. Og for å auke stressfaktoren litt, hadde ho mista kofferten sin på flyturen, og derfor antyda ho at det ville vere god prioritering av tida å gå på kleshandel for å komplettere dette tapet. Eg seier ikkje noko på at folk som er klelause føler behov for å kjøpe seg eit plagg eller to, men samstundes syntest eg at det viktigaste no kanskje var å gjere ferdig dette foredraget ut frå ein gammaltestamentleg tanke om at innhald er viktigare enn form. Kristin var usamd i dette, men heldigvis dukka kofferten opp rett etter frukost, og da kunne vi fokusere fullt og heilt på presentasjonen vår. Og like før opningsforedraget skulle begynne, hadde vi eitt eller anna på plass, sjølv om det neppe hadde skada med eit par timar til med førebuing, men skitt au. Konferansedagen var jo både innhaldsrik og interessant, sjølv om ei ikkje får med seg så frykteleg mykje før ein sjølv er ferdig med presentasjonen. Vi skulle til pers rett før fagautoriteten og hovudtalaren Lipski: og eg er usikker på om Wirkola-metaforen er heilt optimal her.
Uansett, vi kom oss igjennom det, den første konferansedagen vart avslutta, og deretter var det middag på ein indisk restaurant i sentrum av byen. Her hadde vi ei veldig triveleg stund med meir eller mindre seriøst fagprat over ein øl og ein buffet med mykje tikka eitt-eller-anna-mat. Og det var framleis folkeleg tid da vi vart henta av biltenesta til hotellet og kunne krype til køys, men når ein har jetleg, kan klokka ni kjennast nokså seint.

Fredag var ein ny dag med konferanse, og denne gongen skulle eg til pers med eit heller håplaust foredrag om forskingshistorie. Det er nok eit nokså dårleg teikn når ein som foredragshaldar ser korleis ein kunne ha gjort dette mykje betre alt medan ein står der stotrande på halvdårleg engelsk og held foredraget. Men vi var mange som hadde foredrag, slik sett har eg eit lite håp om at bidraget mitt drukna. Uansett, kvelden vart avrunda på ein svært minnerik måte med middag i ein amish-heim eit stykke utafor byen. Vi vart transportert dit i to bilar, og vel framme fekk vi eit ørlite innblikk i denne kulturen. Husfaren sjølv var ein tettvaksen kar med vadmålsbukser, bukkeskjegg og ein klassisk bollesveis. Men ulikt det eg hadde venta, var dette ein svært nysgjerrig og vital kar, og berre det at han opna heimen sin for oss, viser nok at han ikkje var av dei mest ekstreme pietistane. Heimen hans var faktisk ikkje så veldig mykje annleis enn andre heimar eg har sett i Midvesten, og det er godt å sjå at kjøkkeninnreiingar frå 70-talet ikkje ser ut til å vere beinvegen til fortaping i helvetet. Under middagen var gamlingen sjølv den som styrte med alt. Maten var god, men her hadde det nok også vore aktiv innblanding frå fleire andre i Amish-heimen, ikkje minst kona og dottera hans som styra på inne på kjøkkenet. Vi avslutta visitten med ein titt på låven hans, og det viste også at dette var ein kar med næringsvett, for her hadde han rigga til bruktbutikk. Dei fleste klarte å vri seg una utan å kjøpe noko, men Tor Anders såg sitt snitt til å skaffe seg ei ny blikksaks. Og så mykje anna skjedde ikkje den dagen.

Laurdag var siste dag på konferansen, og det er eigentleg ikkje så veldig mykje å berette. Foredrag fram til lunsj-tid, deretter ein liten runde på byen for å sjå seg litt rundt. Dagen vart runda av med festmiddag. Dermed er også konferansen over og del to av reisa ventar: feltarbeid. Det er ingen grunn til å tru at det ikkje skal bli moro.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar