Laurdag 26. november 2022: Buenos Aires

I dag skal vi ha ei samling i den nordiske kyrkja – skråstrek – den svenske klubben (som ligg under same tak og som i stor grad ser ut til å vere det same). Hit har vi altså invitert alle norskspråklege vi veit om i Buenos Aires-området til lunsj og samling. Tanken vår da var at vi skulle samle alle, deretter skulle vi gjere industrielle opptak a la Janne med heile fire stasjonar, Kari og Marie skulle arbeide med strukturerte metodar, medan June og eg skulle finne oss kvar vår krå for å berre å få dei til å snakke litt om laust og fast. Planen var jo god den, men likt med Putin fekk vi erfare at det ikkje berre er nok med ein plan for å sikre suksess. For det første trudde vi at vi skulle ha lokalet for oss sjølve, men slik er det dessverre ikkje her sør for ekvator – det måtte jo sjølvsagt strøyme på med framandfolk som også ville ha seg ein matbit. Dessutan var akustikken i lokalet slik at det ikkje var muleg å gjere leselege opptak. Og ikkje minst – Argentina måtte jo på død og liv spele VM-kamp denne ettermiddagen, slik at vi hadde lite rom for å fortsette utover ettermiddagen: For er det noko argentinararar tek veldig alvorleg, så er det nettopp fotball. Så denne planen funka altså ikkje. Men vi fekk gjort nokre opptak før serveringa, og akkurat da låg vi ganske bra an reint tidsmessig. Men det svenske smörgåsbordet dei serverte, var litt langdrygt sett med ein feltarbeidars blikk. I planen vår rekna vi med ein dryg time på eting, men da det hadde gått over ein time mellom forrett og hovudrett, forstod vi kva veg dette ville gå. Og da må ein som feltarbeidar berre senke ambisjonsnivået – ikkje minst fordi gjestene våre såg ut til å ha det veldig triveleg, nye band vart etablert og gamle gjenoppretta. Og da er det kanskje bra nok – sjølv om ikkje fangsten av språkdata er så  frykteleg stor. Og så var det denne fotballkampen da, for sjølv om alle såg ut til å ha det veldig triveleg, så hadde vi klokka og kampstart hengande over oss. Etter ei veldig kort rådslaging kom vi til at det viktige no var dele ut gåvene våre, og om nokon skulle lure på kva som står høgst på ønskelista til norsk-argentinarar, så er det Mills kaviar (og det må vere Mills, berre så det er sagt (kanskje pampaslingvistikken kan finne ein sponsor der?). Vi hadde også med nokre andre saker, men det var utan tvil Miiiiiiils kaviar som var vinnaren i denne konkurransen.

Etter måltidet tok folk til å orientere seg heimover for å sjå denne kampen, og vi vart også åtvara om at dersom vi ikkje var i ein drosje i god tid før klokka fire, så kunne vi berre gløyme den typen skyss. Og slik vart det nesten, vi gjekk ut i ei hovudgate like ved kyrkja, men det tok tid før vi hadde hell. Problemet vårt er at vi er fire, medan pandemirestriksjonane (som ser ut til å gjelde for nokre) berre opnar for tre (alle bak ein stor plastikkskjerm i baksetet). Men vi var eigentleg heldige, til slutt stoppa det ein bil som var villig til å sjå litt mellom fingrane med slike restriksjonar. Dermed kom vi oss også tilbake til hotellet, og eg kunne begynne å orientere meg etter ein plass å sjå denne kampen. Ikkje det at eg i dag er så veldig fotballinteressert, men er det VM-kamp. så er det VM-kamp. Men alle barane i strøket var fulle og slapp ikkje inn fleire. Endskapen vart at eg litt betutta gjekk på rommet og såg kampen på NRK. Eg må innrømme at det var litt rart å sitte her og sjå på ein argentinsk fotballkamp via gamlelandet. Men det funka det, det einaste eg kan innvende er at overføringa via NRK var litt seinare enn den argentinske, slik at når det vart mål, så steig jubelen i gantene her før eg såg noko anna enn at ein argentinar tok med seg ballen over midtlina.

 

Jaja, slik gjekk no enda ein dag her i dette veldig merkelege landet….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Laurdag 26. november 2022: Buenos Aires

Fredag 25. november 2022: Buenos Aires

Igjen ein dag med feltarbeid, og denne gongen hadde Veronica skaffa oss ein plass for intervjuet på eit av universitetsinstitutta som ligg rundt om i byen. Eg har jo på ein måte lært meg til at Buenos Aires er overmåte stor og at ein derfor ikkje kjem så langt med apostelhesten, men denne gongen kunne vi faktisk gå, og av og til er det nok raskare å bevege seg til fots enn å stresse med å finne rutetabellar eller praie ein taxi.

Vel framme vart vi møtt av ein sekretær i døra (merk at alle seriøse akademiske institusjonar bør ha ein sekretær eller to på instituttnivå!) Og her hadde dei rigga opp eit rom for oss, og kaffien stod også og venta. Og når vi hadde teke med oss alfajores på vegen, så burde dette verte ein suksess. Og det vart det, faktisk, sjølv om eg tvilar på at det eigentleg er kaffi og kjeks som gjorde det. Det var vel heller informanten vår, som tydelegvis likar å snakke norsk og som også er ei aktiv dame. Ho er med i eit songkor, og no skal dei på ein liten turne. Eg trur kanskje ikkje at det var det tonale finarbeidet i tenorrekka ho såg mest fram til, men heller det å vere fleire i lag med folk-  og ikkje minst å vere på tur. Så vi hadde ei triveleg stund i lag, og etter at denne seansen var over, var det tid for litt lunsj på restaurant før vi reiste heim.

Heimturen vart litt kronglut, vi skulle ta bussen, men det er veldig mange demonstrasjonar rundt om i byen, og slike opptog i eit alt litt kaotisk trafikkbilete er oppskrifta til lange køar. Vi vart ståande og ståande, og til slutt fann vi ut at det beste nok var å gå. Eg veit ikkje om det eigentleg var raskare å gå enn å ta buss, men det kjendest i alle fall slik. Resten av dagen gjekk med til litt kontorarbeid av ymse slag, og vi runda som vanleg av dagen med middag på restaurant.

Og slik går nu dagan i storbyen….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 25. november 2022: Buenos Aires

Torsdag 24. november 2022: Buenos Aires

For meg vart denne torsdagen ein litt ugrei dag i den forstand at eg ikkje fekk gjort det eg hadde tenkt å gjere; men samstundes så er det av og til slik når ein driv storskala feltarbeid. Vi hadde to avtalar i dag, samstundes så hadde eg eit nettmøte som eg burde vere med på. Og denne gongen fekk feltarbeidet vere, ikkje minst sidan det kan vere litt i meste laget når fem forskarar står på døra og vil hente ut språkdata av ein stakkar – du skal vere nokså sindig om ikkje dette blir opplevd som litt i overkant overveldande. Så derfor var det ikkje noko problem at eg vart i ro på hotellet. Eg arbeidde elles vidare med ein artikkel, og denne bør bli ferdig no. Derfor tok eg også feltarbeidspermisjon i ettermiddagsøkta berre for å bli ferdig. Og no trur eg at denne nesten er i mål.

Utpå kveldinga hadde eg avtale med dei gamle kjenningane mine om å gå på jazzkonsert, det er jazzfestival her i byen no, og det ville eg gjerne få med meg litt av. Eg tek til å bli svært så trygg i kollektivtrafikken her, og eg tok meg heilt utan problem fram til konsertlokalet. Dette hadde visst ein gong vore ein garasje som så hadde vorte fjonga opp med både scene og servering rundt småbord. Og konserten var også bra, sjølv om dette ikkje var musikk ein utan vidare går og nynnar til på heimvegen. Men det var moro, og sidan artistane skulle spele to sett, og vi hadde billettar til det første, vart det ein heller tidleg kveld. Men det kan også vere fornuftig å avslutte litt i rimeleg tid.

Og slik går nu dagan her i urbane strøk…..

 

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Torsdag 24. november 2022: Buenos Aires

Onsdag 23. november 2022: Buenos Aires

Endeleg feltarbeid igjen: etter ein roleg morgon reiste vi i eitt-tida ut til verkstaden til norskargentinske John, eller Juan, som han jo heiter her. Dette er ein av dei som høyrer til den «yngre» innvandringsbølgja sidan han kom rett etter krigen. Eller bølgje og bølgje, det var vel meir som litt krusning å rekne. John (og kanskje særleg far hans) har eigentleg gjort det veldig bra her, trur eg. Han driv eit selskap som lagar pakningar til oljeindustrien, og dette er ei nisje som sikker kan vere lønsam for den som er kreativ og har tiltakslyst – og det har jo Juan. Her testa vi på ny ut feltarbeid-suksessen frå Oberá: vandrande feltarbeid, og medan vi gjekk rundt i verkstaden og såg på verkty og maskiner, kunne Juan fortelje om prosessane her. Eg trur det fungerte ganske bra. Deretter hadde vi ei økt med elisitering før verten meinte det var på tide med litt mat – og dette er sjølvsagt ein kar som har stamrestaurant og veit kva han vil. Vi var der i fjor også, og plassen og maten har ikkje vorte dårlegare, vi hadde verkeleg ei veldig fin stund med god mat og drykk – på same måten som det må vere vanskeleg å drive feltarbeid utan å vere kaffidrikkar i Minnesota, er det nok utfordrande å drive med slikt arbeid her i Argentina utan å ha litt sans for vin.

Etter at vi kom heim, brukte Kari og eg litt tid på å skissere ein kort artikkel som vi helst skal ha klar medan vi er her. Eg trur ikkje vi treng så veldig mykje tid på å snikre saman dette, det er meir eit spørsmål om å finne tid.

Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet (der sola står i nord)….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Onsdag 23. november 2022: Buenos Aires

Måndag 21. november og tysdag 22. november 2022: Buenos Aires

Fridagar, eller rettare dagar utan feltarbeid. Og etter å ha vore på vegen non-stop i tre veker, er det veldig godt med eit lite avbrekk. For det går relativt greitt når ein er i feltarbeidsmodus, da er det liksom det vi driv med og som har alt fokus. Og det er frykteleg moro og interessant – og ein opplever og ser mykje som vanlege turistar aldri får oppleve, eigentleg på godt og vondt. Men samtidig blir eg litt sliten av alle inntrykka. Så altså desse to dagane var det fri – og dermed tid til å arbeide med andre «jobb-ting» som ein må prøve å få unna og som vanskeleg kan ligge til eg er tilbake.

Måndagen regna det litt, men trass i dette var vi no på morgonen i turistmodus og det var derfor om å gjere å oppleve litt også. I fjor da vi var her, så var den berømte gravplassen i Recoleta stengd på grunn av pandemien, men no hadde vi altså sjansen. Og her er det opplagt at det er ein fordel å vere argentinar sidan det er her mange av dei mest kjende frå dette landet har funne ein siste kvilestad, men som ignorant europear, så kjenner eg ikkje til så veldig mange argentinske høvdingar. Likevel var det interessant å gå der, sjølv om eg nok vil tru at mange her neppe hadde som mål å bli turistattraksjon da dei drog det siste sukket og blei plassert i ei halvopen krypt her. Dette er liksom ein liten pueblo for daude, der det er sett opp små hus eller bygg der kistene står. Nokre har sett fram kistene i vindauget slik at dei er lette å sjå, og der er det gjerne det svenskane vil kalle ordning och redo. Andre av desse små bygga er i sterkt forfall, der rutene er knust eller golvet er borte slik at ein ser ned i underetasjen der kistene er stabla oppå kvarandre likt eskene i ein skobutikk. Nokre av kistene som står framme er i nokså dårleg stand og prega av råte og forfall. Det var som sagt kanskje ikkje slik dei hadde sett det for seg da dei søkte seg inn her.

Deretter var det lunsjtid, og sidan Ida reiser i dag, skulle vi ha eit «siste måltid» på det som i fjor var stamrestauranten vår eit par kvartal oppe i gata. Og det var jo veldig godt å kunne sitte slik i ro og mak, sjølv om eg ikkje klarer å bygge opp enorm matlyst når klokka berre er 12. Heime klarer eg meg fint med ein kaffiskvett og ei halvtørr brødskive med brunost på, men her er slike enkle matvaner vanskelege å vidareføre.

Ettermiddagen gjekk med til litt småtjon i sjangeren kontorarbeid, og i sjutida reiste eg inn til Palermo, der eg har kjentfolk. For 35 år sidan var eg nabo med ei jente frå Argentina, og vi har klart å halde kontakt fram til no. I fjor kunne vi møtast igjen etter alle desse åra, og no i år er det jo nesten som ein berre har vore ute ein liten tur. Uansett, det var veldig triveleg å møtast og dele minne og oppdatere kvarandre. Kort sagt så var dette ein kveld på Memory Lane…

Tysdagen var heller ikkje ein dag full av dramatikk, i alle fall om ein ikkje er oppteken av fotball generelt, og argentinsk fotball spesielt. For i dag klokka sju spelte desse staute pampas-karane mot ørken-gutar frå Saudi-Arabia. Og dette burde absolutt vere grei skuring for ei fotballstormakt som Argentina og grunnlag for å leite fram kuleramma. Men så er det no ein gong slik at ballen er rundt og alt kan eigentleg skje. Det gjorde det også her, arabarane vann sensasjonelt over Messi og co. Og stemninga i byen om formiddagen var veldig tydeleg merka av dette. Det var sorgtunge auge å sjå nesten uansett kor ein snudde seg. Sjølv dei som satt på uterestaurantane og klamra seg fast til eit ølglas såg frykteleg melankolske ut.

Elles var dette mest ein dag for å ta det litt med ro og også gjere ulike småoppgåver. Vi var ute til lunsj saman, og ut på kveldinga tok vi bussen inn mot Palermo der det skulle vere ein makalaus restaurant som vi måtte teste ut. Og maten var god den, og vi hadde ein veldig fin kveld.

Og slik går nu dagan her i sørlege urbane strøk…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Måndag 21. november og tysdag 22. november 2022: Buenos Aires

Søndag 20. november 2022: Oberá, Posadas, Buenos Aires

Dette er altså siste dagen her i Oberá for denne gongen, og som det kanskje har gått fram, så har vi hatt det veldig fint her. I dag har vi berre ein avtale, deretter har vi nokre timar til å gjere ingenting før flyet gjekk i kveldinga. Eg kom meg opp litt før åtte for å få meg frukost, deretter var det berre å pakke saman tinga mine for å sjekke ut frå hotellet, og drygt halv ti (pluss, pluss, pluss) var vi klare for å leite etter den neste (og siste) informanten; ho skulle vente på oss i det nordiske huset i Parque de las Naciones. Eg trudde kanskje at eg hadde ei lita aning om kor dette kunne vere, men det hadde eg absolutt ikkje – eg køyrde rundt litt etter gehør, og det var absolutt ikkje oppskrifta til suksess: Til slutt måtte eg krype til det sure eplet og stoppe for å spørje etter vegen, og eg kan ikkje seie anna enn at eg fekk bekrefta at intuisjonen min på ingen måte er til å lite på. Så det tok tid å finne fram til denne plassen. Men etter litt om og men fann vi endeleg Parque de las Naciones, og sjølv om dette er eit nokså stort område, kunne vi også til slutt finne dette skandinaviske huset. Og der stod det ei godt vaksen kvinne og venta på oss; det er veldig lenge sidan eg har fått ein slik stor og inderleg bamseklem som eg fekk her.

Etter bamseklemminga gjekk vi inn i huset (som no i varmen var veldig svalt) og småprata litt før datainnsamlinga starta. Prosedyren vår no er at vi snakkar litt om laust og fast før vi så på ulike måtar prøver å dokumentere den språklege bakgrunnen til informanten. Siste delen av datainnsamlinga går så på å gjere ulike elisiteringsoppgåver, og nokre klarer dette dårleg, mens andre klarer det veldig bra. Denne dama høyrer absolutt til den siste gruppa, og vi hadde ei veldig fin stund saman med henne. Etter at ho var ferdig med «eksamensoppgåvene» våre (som ho bestod med laud [for å bruke Seip og Selmer sitt måleinstrument]), var det tid for ei lita omvising i denne «landsbyen». Og ja. det skal veldig mykje til for at ein i slike samanhengar ikkje skal bli imponert og forstå kor viktig etnisk bakgrunn er for lokalsamfunnet, og det fine her er at ulik etnisk bakgrunn er grunnlag for samarbeid, og ikkje for konflikt.

Etter denne omvisinga måtte vi gå kvar til vårt, og eg må berre innrømme at det var litt vemodig å ta avskil med denne lettliva og vitale dama, og ikkje heilt overraskande vart det ein ny, god bamseklem.

Dermed var vi også ferdige med feltarbeid i dette strøket og kunne bruke dagen som litt turistar. Etter eit mål mat sette vi kursen mot ein foss som skulle vere ein skikkeleg turistattraksjon. Og det var mykje folk der, men dei var der primært på piknik, for sjølve fossen var ikkje rare greiene, eit vass-sikkel som sendte nokre dråpar ned ei bergside. Men vi fekk i det minste slege ihel ein time på dette også. Deretter køyrde vi til flyplassen, fekk levert bilen og sjekka inn. Og flyturen tilbake til Buenos Aires gjekk også fint, sjølv om det no er veromslag i lufta og det rista til tider relativt godt under flyreisa – så godt at dei ikkje ville ut med serveringstralla, sa dei. Og i skikkeleg regnver kunne vi finne nødhamn i hotellet vårt igjen.

Og slik går nu dagan her sør for ekvator…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Søndag 20. november 2022: Oberá, Posadas, Buenos Aires

Laurdag 19. november 2022: Oberá

I dag skulle vi ha den store innsamlingsdagen med heile tre postar på programmet – og vi skulle starte i ei svært så overkommeleg tid – klokka 10 gjennom å møte eigaren av verktybutikken. Av ein eller annan grunn hadde eg for meg at vi skulle bli henta av Erik på hotellet da – noko som berre var tull, vi skulle vere i butikken klokka ti – og derfor var vi litt seint ute – ikkje minst når vi berre hadde litt vage tankar om kor denne butikken låg (rett nok var vi innom der i går, men dermed er det ikkje sagt at ein lett finn tilbake igjen i ein fei). Vi har GPS som vi bruker som kartbok, men det er sjeldan at vi finn gateadressene vi har og kan leggje desse rett inn. Men ulike mellomløysingar fungerer også, på sett og vis. Vi fann butikken og fekk da etter litt fram og tilbake klargjort at butikkeigaren var oppteken, men han kunne møte oss klokka seks i kveld. Og da såg plutseleg planen vår for ettemiddagen litt tettpakka og hektisk ut: ei dame i sentrum klokka 2, Birgit ute på bygda klokka 4 og verktymannen klokka 6. Og med litt reiseveg i mellom, kunne dette bli ekstremt kompakt, men alt kan løysast. Uansett, så hadde vi no nokre rolegare timar på formiddagen til å gjere ulike ting, og medan Kari ville jobbe litt på hotellet, skulle Ida og eg prøve å finne skolen og sportshallen Svea. Eg hadde ein nokså grov ide om kor denne sportshallen skulle vere, men berre litt grov – og Ida og eg køyrde vegen fram og tilbake fleire gonger for å finne han, men utan å lykkast. Dessutan hadde politiet sett opp ein kontrollpost på vegen der vi leitte, så det var sikkert litt suspekt at vi køyrde fram og tilbake på denne vegstumpen heile tida. Til slutt manna eg meg opp og spurde nokre som stod i vegkanten om kor denne Svea-greia var, men dei kunne heller ikkje hjelpe. Dermed vart det berre med forsøket, men slik er det av og til når ein prøver seg som heimesnikra turistguide.

Etter lunsj køyrde vi til Erik for å hente han – for i dag skulle han vere med som kjentmann. og han satt i skuggen ved innkøyringa si og venta på oss, med kortbukse, kvitskjorte og stråhatt – dette er verkeleg ein fargerik kar. Første stopp var hos ei svensk dame nede i byen, og der fekk vi oppleve at det er ikkje alle som livet har stroke med vakkerhanda, både helsemessig og materielt hadde ho nok utfordringar, men ho var likevel i godt humør og glad for å få besøk og smake «svenska pepparkakor», som Ida hadde med. Og etter ei økt med opptak, trakta ho oss med kaffi rundt kjøkkenbordet, og vi hadde ei hyggeleg stund der. Så veldig mykje ugagn gjorde vi heller ikkje heime hos henne ut over å få bekrefta at professorkompetanse ikkje er nokon garanti for at vassrøyr, sisterner og slike ting får stå i fred og ikkje blir ramponert. For da vi gjekk, hadde denne møtet mellom toppkompetanse og røyropplegg gjort at sisterna rann over og vatnet flaut ned over veggane. Heldigvis var det stoppkran på badet, så frå no av får eigaren bruke denne til å regulere fyllinga av sisterna – det kan jo funke bra det også, meinte ingeniør Erik – ei stund i alle fall.….

Neste stopp var på ein gard eit lite stykke utanfor byen. Men med vegstellet her i dei litt meir rurale strøka kan «nokre kilometer» fort ta ein halvtime eller meir. Vegen var uvanleg krunglete og humpete, og i tillegg var kjentmannen vår ikkje heilt sikker på kor vi eigentleg skulle. Men som ein ungdom klatra han gjennom gjerde og småsprang opp bakkane for å sjå etter noko han kunne dra kjensel på – han var med som friidrettsmann i OL i Mexico i 1968, og grunnformen hans ser framleis ut til å vere prima. Etter eit par slike speidaroppdrag meinte han å dra kjensel på noko, og kort tid etterpå kunne vi køyre inn på garden til Birgit. Denne dama har ord på seg for å kunne arbeide som to, og dette var ei veldig triveleg dame i slutten av 70-åra som hadde mykje på hjartet. Og etter litt innleiande småsnakk, kom opptaksutstyret fram og vi kunne starte ein litt meir strukturert samtale. Og familiehistoria hennar var veldig interessant, bestefaren var journalist i Stockholm, men så vart det storstreikar og urolege tider, så han bestemte seg for å reise. Og det var ein stor overgang for ein mann som så langt hadde brukt penn i arbeidet til å bli nybyggar med spade og hakke. Men det gjekk tydelegvis bra med han trass i eit kanskje ikkje optimalt grunnlag.

Det var veldig triveleg i hagen hennar, men vi tok også til å innsjå at vi tok til å få lite tid. Så derfor køyrde eg Ida til hotellet, der ho skulle møte verktymannen, og deretter skyssa eg Erik heim, før eg returnerte for å hente Kari, og alt gjekk heilt greitt og tidsmessig klaffa det rimeleg bra.

Men når ein køyrer rundt her i Argentina, så må eg også melde at eg ikkje heilt har fått tak på elementære argentinske trafikkreglar – eller kanskje heller korleis slike reglar blir praktiserte. For det første så er det vanskeleg å bli klok på korleis einvegskøyring er skilta – eller ikkje skilta. For om du skulle vere så uheldig å kome inn i feil køyreretning (som ein lett kan slumpe til å gjere når ein ikkje er lokalkjent) så er det absolutt ikkje skilting som indikerer dette. Derimot kan ein naturlegvis oppleve både blinking og tuting frå andre bilistar, men det gjer ein jo ofte elles også. Vikeplikt er også eit mysterium for meg, det ser ut til at det kanskje er den sterkes rett som gjeld, og så lenge ein veit det, går det jo å tilpasse seg. Og så var det dette med naudblik, da. For ein kan seie mykje om den argentinske køyrekulturen (som er full gass, full brems; full gass, full brems; minst tre filer der vegen er merka for to; forbikøyring på både inn- og utside – berre for å nemne litt av repertoaret). Likevel går dette greitt, kanskje med unntak av at dei i baksetet verkeleg får rista seg.

Kvelden vart runda av med empanadas og ein liten vinskvett på ei svært så lokal kneipe rundt hjørnet, og der kunne vi oppsummere ein nokså hektisk dag med feltarbeid.

Og slik går nu dagan her ute i villmarka …

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Laurdag 19. november 2022: Oberá

Fredag 18. november 2022: Oberá

No tek endeleg døgnrytmen min å falle litt på plass – kanskje litt for godt faktisk, for å vakne ein ekstra time tidlegare om morgonen har på ingen måte vore noko å kimse av når ein også skal gjere unna administrative ting «heime», men denne timen er no borte av rytmen min: Så i dag starta eg dagen i 8-tida ved at eg tusla ned i frukostsalen, der Kari alt var på plass, og kort tid etterpå vart det avløysing ved at Kari gjekk for å jobbe litt medan Ida tok over plassen ved matbordet. Og frukosten her er kanskje eit lite knepp betre enn det dei har å freiste med på prærien, i alle fall er kaffien sterkare og sjølva matsalen i ein heilt annan liga – men begge stadene er det fullt muleg å stappe i seg klissete søtmat, sjølv om utvalet i ikkje-klissete ting heilt klart er betre her. Og programmet for dagen så langt er litt diffust ut over at vi skal møte Anna og Sverre, men vi vil gjerne få gjort så mykje feltarbeid som muleg når vi først er her. Men altså, vi starta først hos Sverre, og sjølv om den norske GPS-en min ikkje utan vidare fann adressa hans, kunne vi relativt lett finne fram utan så alt for mykje digital hjelp. Og igjen fekk vi gleda av å møte desse to fantastiske folka og også oppleve heimen deira. Så vi starta feltarbeidet i form av litt banebrytande mobil intervjuteknikk: Kari tok med seg Sverre og Ida fokuserte på Anna, og med opptaksutstyret på, vart det gå-tur i hagen og i skogen like ved.

Det er utruleg vakkert her, så det er neppe ei overrasking at når illustratørane i kristendomsboka som eg hadde i småskolen for over femti år sidan skulle prøve å illustrere Paradis, så var det absolutt ikkje eit landsskap som kunne minne om heimlege Kattugledalen, Åsahaugen eller Floåsen ein novemberdag i striregn og sur vind som var motivet. Nei, kunstnaren hadde nok heilt sikkert sett for seg noko som liknar på denne hagen her i Oberá, med raud, djup og fruktbar jord, høge og skuggefulle tre, eksotiske plantevekstar, blå himmel og solstrålane som skein gjennom lauvverket og ikkje minst – veldig behagelege temperaturar som ikkje krev bladvottar og topplue (med eller utan dusk).

Etter denne danningsreisa i Sverre sitt rike, vart det litt innetid med opptak av både utspekulert elisitering og samtalar om livet her til ulike tider. Så dette var faktisk ei feststund for feltarbeidarar. For å kvittere litt for denne språklege gjestfridommen tok vi dei med til hotellet på lunsj, og der kunne samtalen fortsette på norsk, rett nok utan at opptakaren stod på – men av og til skal ein som feltarbeidar finne seg i at ikkje alt som blir sagt, trengst å bli lagra for evig tid – det bør også vere rom for å snakka om smått og stort, «illt og lælli» utan at det set evige digitale spor.

Planen vår no var å kontakte ein svenske som driv ein lokal «Männergarten» med verkty aust for sentrum, for dette skulle vere ein kar som kunne snakke svensk. «Oh yes», dette var absolutt plassen dersom ein skulle ha behov for ei Husqvarna motorsag, ein Makita-fres eller ei DeWalt bordsag (og eg har litt vanskeleg for å sjå for meg kven som ikkje har slike behov – om folk berre tenker seg retteleg godt om). Men butikkeigaren sjølv var dessverre ikkje til stades, men ein av karane bak disken ringte for oss og gjorde ein avtale – i morgon klokka 10 skal vi snakke med han på nytt. Og dette kan jo bli bra 😊

I tillegg hadde vi eit namn på blokka som vi mangla kontaktinformasjon til, og sidan det er noko som heiter Linne-instituttet her, så ringde vi (dvs. eg) dit for å få hjelp. Eg har alltid litt angst når eg må snakke spansk i telefonen, for da har eg ingen kontekst å støtte meg til. Men her fekk eg også bekrefta at det er stor skilnad på kven eg forstår, og kven eg ikkje forstår; for denne dama snakka svært tydeleg og heller ikkje så veldig fort, slik at eg fekk med meg kvart eit ord ho sa, og ho var svært hjelpsam og kom etter kvart med telefonnummer til dei vi jakta på. Dessutan tikka det inn fleire meldinga frå Erik om nye informantar, så dermed kan det bli nokre vi kan møte i morgon og på søndag.

Klokka gjekk no mot seks, og på ein fredagskveld kunne vi med godt samvit ta fri utan å ha så alt for dårleg samvit. Men når vi tek fri, så ligg vi ikkje på romma våre og tvinnar tommeltottar, nei da er det party-tid: for vi hadde invitasjon til asado-fest heime hos Anna og Sverre, og dit måtte vi jo. Og i kjend stil varta desse «patras familias» (eller kva det no heiter) opp med overmåte mykje mat, og innan sjangeren grillmat, så er dette noko av det beste eg har smakt. Men så blir det også gjort veldig etter boka, og lite ser ut til å vere på slump.  Og likt med i fjor kom ein del andre av familien rekande når maten tok til å bli klar, gjerne med ei korg med det vi i Trøndelag kallar «sænning» – eit bidrag til festen i form av brød, salat, øl eller vin, så til slutt var vi eit lite dusin samla rundt bordet. Og stemninga var veldig god, den, og snart dukka også Erik opp på moped, og det er ein kar som ikkje gøymer seg ved bordenden – det ser ut til at han er skapt til å lage liv og røre rundt seg. Kort sagt, så hadde vi det moro og triveleg – det vart ikkje så veldig seint, det er krevjande å vere feltarbeidar, så i rimeleg tid køyrde vi heim igjen med vakker og delvis ugjenkjenneleg stjernehimmel over oss.

Å slik går nu dagan her i Misiones…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 18. november 2022: Oberá

Torsdag 17. november 2022: Buenos Aires, Pasadas, Oberá

Klokka halv fem i dag tidleg ringte vekketenesta Kari, og da var det ikkje anna å gjere enn å karre seg opp. Morgonstellet gjekk raskt unna sidan det ikkje var frukost enno, og i god tid før fem møttest vi tre i resepsjonen, taxien var også på plass. Og så tidleg på morgonen var det lite trafikk og vi var tidleg på flyplassen – alt såg veldig lovande ut. Men det skulle raskt endre seg, for da vi skulle sjekke inn, ville dei sjå passet mitt. Svært sjølvsikker opna eg den gule reisemappa mi der eg har alle reisedokumenta – med eitt unntak: passet mitt. Og utan pass kunne eg ikkje få bli med flyet, så dette var litt krise, og eg skal ikkje nekte for at det kokte litt i topplokket mitt, eg titta febrilsk igjennom veska mi, men passet var ikkje å sjå. Og sidan eg hadde koffert og mange ting ståande på hotellet, var eg nokså sikker på at det måtte vere der, og da var liksom løpet køyrt for min del. Men Kari og Ida insisterte på at eg måtte leite godt igjennom sekken min, og på botnen av sekken dukka passet opp – så det vart tur på meg også. Men det var også ei grei vaksenopplæring i viktigheita av å halde styr på tinga sine!

Flyturen til Pasadas gjekk veldig greitt, og i 9-tida kunne vi hente ut bilen vår, ein Chevrolet (som kan høyrast veldig fint ut, men som eigentleg ikkje var meir enn det måtte vere). Vi kopla da opp GPS-en, og sanneleg virka han også her inne i Misiones, og med eit slikt hjelpemiddel var det lett å finne fram til Oberá. Vegane var også gode, så dei drygt 100 km gjekk unna på vel ein time. Og byen var i det store og heile slik eg hugsa han, og det var lett å finne fram til hotellet. Dette ser eigentleg ut som ein liten landsby, byen ligg i eit nokså bakkete landskap, og trafikken i gatene gir absolutt ikkje inntrykk av anna enn at dette må vere ein småby. Men det skal altså bu over 100.000 her, og det er faktisk vanskeleg å forstå.

Etter å ha sjekka inn og fått oss litt mat, var det på tide å sjå innom den svenske kyrkjegarden sør for byen. Denne fann vi lett, men her dukka det også opp eit problem: Dei siste 20 åra har eg berre hatt tilgang på sentrallås på bilen, og dersom det ikkje er ein knapp på nøkkelen ein berre trykker på for å låse alle dørene, så er det elles nok å låse døra på førarsida. Det er ikkje nokon knapp på bilnøkkelen vår no, derfor har eg vridd nøkkelen i bildøra i tru på at eg da låser alle dørene. Men no forsto eg at det ikkje er slik her, førardøra kunne eg låse på denne måten, men ikkje dei tre andre. Og da vart det mykje toppkompetent spekulering utan at vi klarte å løyse gåta. Vi vart da samde om at Kari og Ida skulle sjå på kyrkjegarden medan eg venta i bilen og grubla over dette mysteriet. Heldigvis kunne eg etter ei stund melde «εὕρηκα», men dette var i høgste grad «etter ei stund», og løysinga var ikkje heilt intiutivt: Samtidig skal eg ikkje geniforklare meg  berre fordi eg no klarer å låse ei skarve bildør – så dette representerte sjølvsagt ikkje eit vitskapleg kvantesprang, men lell ……

Etter denne storhendinga, var det på tide å besøke svenske Erik, som bur eit stykke utanfor byen her. Vi sleit litt med å finne fram, og vegane var ikkje heilt prima, for å seie det mildt. Dette er frykteleg humpete og dårlege jordvegar, og sjølv med roleg fart fekk Ida i baksetet verkeleg rista seg. Men vi fann fram til slutt, og denne svensken bur på ein flott plass langt unna det vi skandinavar er vane med å rekne som sivilisasjonen. Her var telefonsignala elendige, internett og TV skulle heller ikkje vere så fryktelege mykje betre.

Erik viste oss verkstaden sin da vi kom, og det var interessante saker som verkty og teknisk utstyr av ymse slag. Her kunne han drive med veldig mykje rart, inkludert smedarbeid. Og akkurat no arbeidde han med ulike innretningar som kunne brukast ute i rurale strøk til å produsere straum. Vi vart med inn i huset hans, og etter litt innleiande småprat var det Ida sin tur til å sleppe til, og i nesten to timar kunne desse to svenskane sitje i fred og ro og prate svensk. Litt tid til såkalla «games» var det også, så i seks-tida kunne vi returnere til hotellet igjen.

Vi er vel eigentleg litt slitne, blandinga jetleg og korte netter kostar. Men ein matbit måtte vi likevel ha før vi tok kvelden. Det viser seg at ein finsk språk-kollega er her i Oberá akkurat no for å drive feltarbeid, og vi avtalte å møte henne. Så resten av kvelden gjekk med til hygge og fagprat (og snittflata mellom desse to må nok seiast å vere stor) i sommarnatta.

Og slik går nu dagan her i Misiones…..

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Torsdag 17. november 2022: Buenos Aires, Pasadas, Oberá

Onsdag 16. November 2022: Buenos Aires

Så er eg tilbake her i sør etter ei nokså lang reise frå Chicago, via Miami til Buenos Aires. Men for første gong som prærielingvist klarte eg å sove fleire timar på flyet sørover, så eg var ikkje heilt vrak da eg gjekk av flyet. Og berre ein liten halvtime etter at eg landa, dukka også resten av gjengen opp, og saman kunne vi gå gjennom tollkontrollen og ut i ei svært så heftig sommarluft her i Argentina. Det var ingen tvil om at præriehabitten med tjukke skjorter og norsk vinterjakke frå Dressmann ikkje heilt var kleskoden her – for på denne delen av kloten var det kort sagt veldig varmt, og varmare skulle det blir utover dagen. Veronica skaffa to taxiar for oss, og turen inn mot hotellet ga meg også mulegheita til å varme opp litt språkleg. For eg har dessverre aldri studert spansk ( no som godt vaksen på eg innrømme at det har vore ein tabbe), men på den andre sida er eg gift med spanjol og har også barn som snakkar spansk. Dermed har eg jo plukka ut eitt og anna som gjer at eg kan kommunisere, og eg har også utvikla ein strategi der eg prøver å utnytte vaklande språk-ressursar så godt eg kan. Og drosjesjåførar er gjerne glade i å prate. Eit stykke på vegen kasta eg ut eit par spørsmål for å vise at her var det ein kar som gjere ville kommunisere litt, og drosjesjåføren kasta seg på, og vi hadde ei lita økt med præking og turbytte, noko som ga ei føling av meistring og eit smak av korleis livet som kosmopolitt og polyglott kanskje kan vere.  Men kor lenge var Adam i paradis? For joda, eg klarte å serve nokre spanske pasningar, og sjåføren returnerte svar som eg i stor grad forsto. Men så snudde han samtalen mot fotball-VM, og da braut det heilte saman. Og denne gongen innsåg eg at denne kollapsen primært var knytt til mine sviktande fotballkunnskapar. For jo, eg kunne sikkert ha sagt noko fornuftig om det norske bronselandslaget på 1930-talet (for eksempel kunne eg da ha sagt noko om at Tippen Johansen var keeper), eller VM-finalen mellom Tyskland og England i 1966 (da Bobby Charlton var kaptein for England og det under finalen mellom England og Tyskland var stor diskusjon om ballen var over målstreken), men om det argentinske landslaget no har eg ingenting å melde (for Maradonna er vel daud og kan derfor ikkje vere med på laget dette gongen?). Så ville sjåføren ha greie på norsk landslagsfotball, og eg hadde like lite å melde der, må eg dessverre innrømme: Men hadde eg fått spørsmål om tida under Drillo, så skulle han ha fått beskjed – men det gjorde han altså ikkje. Kort sagt, eg innser no at eg har null peiling på samtidsfotball – hmmmm…..

Igjen skal vi ha Recoleta som base, og hotellet vi har fått, ligg like ved denne berømte gravlunden (eller kva ein no skal kalle det for). Sidan vi kom så tidleg, var det ikkje rom klare for oss, men det var i og for seg OK, for vi var nok alle litt svoltne og ville ha oss ein matbit. I fjor da vi var her, etablerte vi ein stamrestaurant, og dit måtte vi også søke no. Og for ikkje å bryte tradisjonar vart de snitsel på dei fleste. Og sjølv om det har vore ei heftig prisstiging her, så er mat framleis billig i dette merkelege landet. Ferdige med måltidet tok etter kvart romma våre til å bli klare, og nokre av oss kunne flytte inn og etablere bagasjelager for dei andre.

Pengesystemet i dette landet er også fryktlege merkeleg. På overflata kan det nesten sjå ut som at pengepolitikken fungerer i arbeidet med å stabilisere dollaren, men samtidig er det ein såkalla blå valuta som blir veksla i gata og som er neste dobbelt så fordelaktig. Offentleg kurs er at ein dollar er rundt 150 pesos, på gata ligg denne på rundt 300. Vi hadde ein vekslingskontakt frå i fjor, og dit strena tre av oss med dollar som no skulle bli til frykteleg mange pesos. På «bakrommet», eller rettare eit venterom med skranke som låg ei branntrapp opp frå der folk flest beveger seg, fekk vi veksla inn ein litt mager bunke med dollar med ein svært så omfangsrik argentinsk bunke. Vi la det meste av denne bunken i veska mi før vi til fots og med buss starta heimover.

Etter at pengane var trygt i hus skjedde det vel ikkje så veldig mykje ut over at vi prøvde å planlegge opphaldet vårt litt medan vi er her, og også få oss ein matbit på ein utebar utpå tidlegkvelden. For i morgon må vi opp i otta, i halv fem-tida, for å ta flyet opp til Posada og deretter bil til Oberá. Dette bør bli moro. Så i rett tid tok vi avskil og sikta oss inn mot senga og ei litt kort natt.

Og slik går nu dagan…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Onsdag 16. November 2022: Buenos Aires