Tysdag 31. oktober 2017 (Halloween): Westby, Springdalen og Norskedalen

Ny dag og nye mulegheiter, som dei seier. Og igjen vakna eg i høveleg tid, rundt sju. Og så vanleg vart det påssåmat før eg i halv ni-tida sette kursen ned til Larry i Springdalen. I dag er det hans om igjen er turoperatøren min, og seansen skulle starte heime hos han med samtale rundt bordet. Garry hadde diska opp mat av ulik slag, og Larry hadde invitert fleire trauste «norskerer», mellom anna gode, gamle Archie, Charles og ein dei kalla Chuck. Eg var der i god tid for å rigge opp utstyr, og etter kvart kom den eine etter den andre oppom. Og det var triveleg å sjå desse trauste karane, alle er gamle fiskekompisar av Larry, og artige karar alle. Archie com først, og etter kvar dukka dei to andre opp også. Larry kokte kaffi, skar opp sjølvrøykt aure (som var veldig god) og «eintertaina», medan eg rigga opp opptaksutstyret. Og snart var desse karane sessa rundt bordet, og samtalen på norsk gjekk om ikkje laust og ledig (kanskje heller i rykk og napp), så var ikkje dette så heilt ille. Som sagt, dette var ivrige fiskarar, og fiskarar har jo gjerne eitt og anna å fortelje om som ikkje alltid har belegg i empirien. Eg prøvde å ha ein så låg profil som muleg, og det gjekk veldig bra, heit til kameraet sol seg av: det hadde ikkje straum. Eg må innrømme at eg vart litt sveitt, ikkje minst fordi heile kamerastativet hadde teke seg ein aldri så liten tur i golvet medan eg rigga opp utstyret. Eg flytta kablar, og dreiv på utan at det hjelpte det minste – kameraet fekk ikkje straum same kva eg gjorde. Derfor såg eg også for meg at eg måtte redde denne turen gjennom ein kjapp tur til næraste elektronikkbutikk for å kjøpe nytt ustyr, med dei konsekvensane dette ville ha for reisebudsjettet mitt. Heldigvis var problemet at Larry har knytt brytarar til kontaktane sine – ein elegant touch på ein av vippebrytarane på veggen gjenoppretta situasjonen og småpraten kunne halde fram. Etter to timar med slik småprat rundt matbordet måtte desse trauste karane bryte opp, og da måtte eg også pakke saman rasket mitt.

Deretter sette Larry og eg kursen inn til Westby der det skulle vere ein ny kar som kunne snakke norsk. Og det kunne han sikkert også (i veldig «past tense»), men det var utruleg vanskeleg å få han på glid. Eitt og anna ordet var det, men ikkje mange, og dessutan skulle han på legekontroll om ikkje så lenge. Eg innsåg at det kanskje ikkje var nokon vits i å rigge opp kamerautstyret her, ein lydopptakar fekk duge. Eg trur det var eit klokt val, for som sagt, det var lite av norsk språk å kunne riste ut av denne kroppen. Etter ein liten time her braut vi opp, og eg køyrde Larry heim igjen. Deretter sette eg kursen ned til Norskedalen, delvis for å skrive meg inn som medlem her, men ikkje minst for å få greie på dette prosjektet «Heritage language in Wisconsin» som dei marknadsfører på heimesida si. Etter at eg hadde ordna papirarbeidet og også sett meg litt rundt, fekk eg møte ho som hadde ansvar for «heritage»-delen av Norskedalen: det viser seg at dette er ein del av eit prosjekt ved universitetet i Madison, og slik sett ikkje initiert av Norskedalen (slik eg trudde). Uansett så ville det jo ha vore veldig bra om Norskedalen hadde gjort noko for å dokumentere språksituasjonen er i dalstroka, men det var no ein gong ikkje det som var målet her. Uansett så er det veldig bra at slikt arbeid blir gjort.

I dag er det Halloween, og det er jo ein kulturell institusjon som ein må prøve å involvere seg i. Sidan eg alt er utkledd som ein norske, så slapp eg billig unna kostymekjøp, eg kan berre vere meg sjølv. Litt utpå ettermiddagen stakk eg innom Iversons igjen, og dei tek verkeleg dette alvorleg. Ron var utkledd som riddar frå middelalderen, medan Sandra var rigga til som ei blanding av heks og stymor til Tornerose. Dei hadde kjøpt inn fleire kassar med snop, og dei venta over 200 ungar på døra. Og gatene i byen var full av ungar. Elles har det nok roa seg litt dette med halloween-feiringa, særleg når det gjeld å gjere ugagn. I går fekk vi servert fleire historier om kva som hadde vore gjort tidlegare. Nokre hadde klart å få ei ku opp på hustaket, andre hadde velta ein utedass medan det sat folk der. No er det visst svært lite av slikt. I to r har eg jakta på ein av Haugens informantar i Iola, det ville vere frykteleg moro om eg kunne ha intervjua han, men han var ein vanskeleg kar som heller ville spelle trekkspell enn å snakke med meg. I vinter døydde han dessverre. Og da eg fann eg opptaket av han, og det var heilt uforståeleg, så verdien av eit nytt opptak ville kanskje ikkje vere så stor som eg hadde håpa på. No i det siste har eg gått igjennom liste til Haugen på nytt, sett på dei som var fødde etter 1920 og kopla dette opp mot telefonkatalogen på nettet. Og da dukka det opp ein ny kar som kunne vere interessant, ein Hegge som bur i ein småby sør for Madison. Så da eg kom tilbake til hotellrommet tok eg mot til meg, forsikra meg om at det ikkje var lagt ut dødsannonse over han og ringe han. Eg fekk da ei kvinnestemme i øret; «du har nå kommet til et nummer som ikkje er i bruk», sa ho på norsk. Eg tenkte da at det kanskje hadde skjedd noko med mannen, han er trass alt rundt 90. Likevel sjekka eg at eg hadde ringt rett nummer, og det hadde eg jo ikkje. Eg prøvde på nytt, og da fekk eg svar av ein i starten litt skeptisk herremann. Eg fortalte kva eg dreiv med og kvifor eg kontakta han, og da vart han medgjerleg med ein gong. Eg spurte om det var han som hadde vorte intervjua av Haugen i 1948. «Nei, ikkje av Haugen, sa han, «men av Magne Oftedal». Det er ikkje dårleg å hugse namnet på feltarbeidaren 69 år etter at intervjuet vart gjort. Eg snakka ikkje norsk med han, så eg veit ikkje kor god han er til det, men eg håpar i det minste at det finst rudiment av norsk igjen. Så i morgon etter middagen skal eg vere hos han. Det ser eg fram til!

Og det var vel eigentleg det. Eg runda av dagen med å ete middag på restauranten her, og no les og småpuslar eg litt like før sengetid.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 30. oktober 2017: Westby, Rudlandsdalen og Sørryggen

I går kveld sovna eg ikkje før rundt midnatt, og eg vakna først i sju-tida: dette tek til å likne litt på «vanleg» døgnrytme, og dette teiknar jo bra. Etter ein enkel frukost med «påssåmat» (brød, salami og ost handla inn i går) sette eg kursen ned til Larry i Springdalen, og han dreiv og «fona» etter folk da eg kom. Dessverre blei det ikkje noko av turen ned til ungfolket i Readstown i dag, dei var opptekne med andre ting, og i morgon er det Halloween, og da er ungane ute og går, så vi må finne eit anna tidspunkt for dette. Men eg ser på ein slik tur som veldig viktig, og eg får leggje opp løypa mi ut frå når det passar for dei. Derimot hadde han andre å by på, sjølv om han klaga på at dei flest var for «bljuge» til å snakka framfor eit kamera.

Etter ein kaffikopp sette vi kursen opp i Rudlandsdalen der vi skulle innom ei dame rundt 80 som tidlegare ikkje er intervjua. Ho budde like ved «krikken», og no i haust hadde denne bekken flomma over og gått heilt opp mot syllstokken på huset hennar, med dei byggtekniske konsekvensane dette kan ha. Dette var ei veldig triveleg dame, men ho var nok svært skeptisk til at det skulle bli gjort opptak. Vilkåret ho sette var at det ikkje måtte visast for andre i Amerika, og det må eg kunne halde. Dama var på ingen måte flytande i prærienorsken, det var lenge sidan sist ho hadde snakka norsk. Dessutan hadde ho «titsja skule» nesten førti år, så det var viktig for henne at alt skulle vere «rett». Men sjølv om ho hadde svært lett for å hoppe over til engelsk, så var forteljinga hennar interessant. Ho kunne fortelje at ho snakka mest norsk før ho som 5-åring begynte på skolen. Og der vart ho også straffa for norskbruken sin: ho måtte sitje inne i friminuttet for å ha snakka norsk, i tillegg til at ho måtte be om «ferlatels» til den einaste ikkje-norske i klassen for å ha sagt noko som ikkje ho hadde forstått. Og ei slik oppleving hadde tydelegvis sett varige spor i eit sart barnesinn. Det var moro å høyre på når ho og Larry prata, og eg kasta berre inn eitt og anna spørsmålet. Vi kunne sikkert ha halde på ei lang tid, men etter ein dryg time ringde telefonen, og ho måtte ut på eitt eller anna. Og da var det ikkje anna å gjere enn å pakke saman sakene og takke for seg.

Deretter køyrde vi heim til Larry for å få oss ein matbit, og Garry hadde diske opp med sandwiches og kaffi til oss. Og som vanleg hadde Larry ulike heimavla grønsaker å by på, mellom anna «kohlrabi», noko som smakte nesten som norsk kålrabi, men som såg heilt annleis ut. Men godt, ja det var det.

Etter eit godt måltid sette vi kursen ned til Coon Valley (konvalle, som dei seier her) der vi skulle helse på ein av vennane til Larry. Denne karen har hatt slag, og derfor slit han med språket, men det som kjem ut av han er i stor grad norsk. Favoritthistoria hans var ein episode etter slaget da legen skulle sjekke han, mellom anna gjennom at han skulle rekne frå ein ein til tjue. Han klarte da berre å rekne på norsk. «I don’t understand anything of what he says, he has a very long way to go», sa legen. Elles var denne Karen mest oppteken av ein baseball-kamp på TV, så opphaldet vårt vart derfor nokså kort.

Etter å ha småprata litt køyrde vi vidare opp vegen forbi Haugen-farmen (som står tom etter at begge Haugen-karane er borte) og til Gilman, ein gammal kjenning. Dette er verkeleg ein av dei trauste norskamerkanarane som trivst best når han får snakke norsk. Og sjølv om helsa til denne 80-åringen skrantar svært no, så var han ikkje dårlegare enn at han ville bli gjort opptak av. Så han og Larry prata i veg, medan kona og eg (i stor grad) sat og høyrde på. Og igjen kom historia om at dei som snakka norsk på skolen, vart straffa: «You are in America now», sa læraren og straffa ungane ved at dei måtte sitje igjen etter at skoledagen var slutt. Kona varta opp med kaffi og pai, og som vanleg fortente oppvartinga hennar ei stjerne eller to i den prærielingvistiske Michelin-guiden. Det vemodige i dette møtet var at denne karen i mange år hadde hatt planar om ein tur tilbake til Noreg, men no var det definitivt for seint, sidan han måtte innom sjukehuset kvar tredje dag for oppfølging. Det kan kanskje vere ei påminning om at ein aldri skal vente for lenge med å gjennomføre planar som ein har i livet ….

Etter desse to timane i godt selskap køyrde eg Larry heim igjen, og deretter sette eg kursen tilbake til motellet igjen. Og no i kveld har eg pusla med ulike småting her på rommet, eg har hatt meg litt mat (restauranten er stengt no på måndagar, så det vart brødmat på meg no), eg har lese litt og skrive e-postar, og eg skulle også kopiere opptaka mine. Men da vart eg «støkk», som dei seier her. Av ein eller annan grunn klarer ikkje PC-en min å lese SD-kortet frå kameraet, og for å toppe det heile la eg igjen alt av kamerakablar på kontoret. Dermed klarer eg ikkje å kopiere opptaka mine frå kameraet til datamaskina. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal klare å løyse denne floka anna enn at eg må ned til La Crosse i morgon ettermiddag og kjøpe ny kabel. Eg innser verkeleg at eg ikkje var framsynt nok da eg ikkje teste alle sidene av det nye opptaksutstyret som eg har med meg. Men no er det for seint; neste gong derimot ….yeah … you bet … sure … uffda…

No er det kveld og svært stille her på motellet. I morgon klokka ni skal eg opp til Larry igjen. Som vanleg ser eg fram til å møte gamle og nye folk.
Og slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 29. oktober 2017: Zumbrota, MN; Westby, WI

I natt sov eg rimeleg bra, eg sovna i ti-tida i går kveld, nokså trøytt, eg vakna til i tre-tida, men sov så vidare til klokka var sju. Så kanskje eg klarer i finne den nye døgnrytmen nokså raskt denne gongen – eg håpar i alle fall det. Det synet som møtte meg i vindauget i dag tidleg var ikkje akkurat oppløftande, det var snøkvitt ute, og det var også kaldt – godt under frysepunktet og kald vind. Eg tok det litt med ro frå morgonen, såg litt i nettaviser, fekk meg litt frukost og hadde litt kontakt med gamlelandet. Deretter sette eg kursen ned mot Zumbrota sentrum for å sjå meg litt rundt. Som venta hadde ikkje denne småbyen så veldig mykje å vise fram, det einaste var kanskje den gamle brua over Zumbro-elva. Dette er ei bru med overbygd tak, noko som visstnok var vanleg på 1800-talet, no er dette den einaste overbygde brua som står igjen i Minnesota. Eg hefta ikkje så veldig lenge som bruarkitektur-student, å inspisere dette byggverket var unnagjort på mindre enn ti minutt. Deretter sette eg kursen mot Wisconsin for å ta ein liten tur på «memory lane» i La Crosse. Her må det ha vorte gjort mange store endringar, eller kanskje er det berre det minnet mitt som har gått igjennom ein litt hardhendt redigeringsprosess. Men eg fann da universitetet utan så veldig store vanskar, og eg fann også igjen huset der eg ein gong budde (og alt dette heilt utan å bruke GPS). Deretter sette eg kursen opp til Westby der eg skal vere dei neste dagane. Eg var innom Borgens og fekk meg «kjøttkakur» til lunsj – men det var ikkje kjentfolk å sjå der denne gongen. Eg sjekka så inn på Old Towne motel før eg kontakta Larry. Han var litt bekymra fordi han trudde at eg skulle kome dagen før, men vi avtalte å møtast for å ete «søppel» i 6-tida. Ettermiddagen vart roleg, eg var ein snartur bortom Viroqua for å hamstre batteri og kjøpe meg prærietøflar. Ut over det gjorde eg ingenting og eigentleg var det også litt godt, for i morgon startar feltarbeidet, og da er det jo greitt å vere litt utkvilt.

Litt før klokka seks tusla eg over til restauranten, og dei første som da kom inn døra var Sandra og Ron, og like etter kom Larry og Gary. Det var veldig triveleg å treffe dei igjen, å kome til Westby er nesten som å kome heim. Larry ville helst snakke norsk, men det er litt upraktisk når dei andre ikkje forstår så mykje av dette fantastiske språket. Han var i toppslag, og i løpet av stunda vi var der, fekk han gjort nye avtalar ned kjenningar på restauranten for dei neste dagane, i tillegg til dei han alt har skaffa. Vi møtte også Paulene, enka etter Howard, ein av grunnpilar-informantane våre her borte. Ho Pauline er sterk, men det er sjølvsagt ikkje lett å bli åleine.

I morgon klokka ni startar vi opp, og dette trur eg skal bli moro, det bruker jo gjerne å vere det. Det eg ser mest fram til, er ein familie i Readstown: Ron har vore i kontakt med dei, og dei vil gjerne møte meg – håpet er at vi får det til i morgon, viss ikkje får det bli ein av dei andre dagane. Det som gjer denne familien spesiell, er at det er mor og barn. Mora er teknisk sett 3-generasjonsinnvandrar (mora hennar var fødd i Broklyn, men flytta heim nokre år før ho returnerte igjen), dama er i 40-åra og snakkar norsk, og det gjer også barna hennar – og dei er i skolealder, den yngste meinte Ron måtte vere 6-7 år! Dette bør bli bra – håpar eg! Ron skal ringe på nytt i morgon tidleg for å gjere avtale, så da veit eg litt meir.

No har klokka her passert ni på kvelden, og eg tek til å bli trøytt – om ikkje lenge (men helst ikkje før ti dersom eg på ekspressfart skal klare å snu døgnrytmen her) er det nok sengetid for slike som meg. Dessutan må eg snart tenke på det vidare programmet, eg har husrom her i byen fram til onsdag, deretter hadde eg tenkt å flytte litt på meg. Lac qui Parle er ei mulegheit, Iola er ei anna. Vi får sjå kva det blir til.

Og slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 28. oktober 2017: Halden, Minneapolis, Zumbrota

I vinter fekk eg nokre tusenlappar frå ISKF (kva no det eigentleg er) til å reise «over there» for å gjere meir feltarbeid. Og etter mykje fram og tilbake (og ikkje minst spekulering), bråbestemte eg meg for nokre veker sidan og bestilte tur. For desse pengane må brukast i dette kalenderåret, må vite. «Timinga» var absolutt ikkje den beste, det er ting som skjer på jobb, i tillegg til at vi har hatt ei litt større oppgradering av huset, så eigentleg burde eg ha vore heime og teke tilhengarlappen (har oppdaga at eg har hengar som eg ikkje har lov til å bruke), rydda og køyrd bort rusk og rask etter oppussinga (viss eg da hadde hatt denne lappen), mala og gjort ferdig i 2. etasje, i tillegg til å rydda opp i resten av kåken. Men med snill og tolmodig kone er det muleg å snike seg unna slikt og reise til Prærien i staden. Så klokka 6 i dag tidleg ringde klokka, snill kone køyrde meg på stasjonen ein liten time seinare, og i sjutida gjekk toget frå Halden. Reisa opp til Gardermoen er det absolutt ikkje noko å fortelje om, og Gardermoen baud heller ikkje på dei heilt store opplevingane. Litt venting her, litt venting der …

Denne gongen gjekk amerikaturen via Amsterdam, og nytt er at ein no må gjennom eit intervju før ein får sesse seg på flyet over Dammen. Det heile gjekk eigentleg nokså industrielt for seg og køen gjekk fort unna. Ein kan jo sjølvsagt lure på kor effektivt dette er i arbeidet med å stoppe tullingar med sprengstoff i handveska, det er nok mest for å kunne vise handlekraft. Eg slapp derfor igjennom. Turen over dammen tok rundt 8 timar, og det var veldig laaange timar. Eg var så heldig at eg hamna inneklemd på ei rad av fire seter, og på alle desse seta sat det røselege karar. Eg trur eg aldri har sitte så trongt. Og betra vart det ikkje da dama framfor meg la setet sitt bakover, da var eg fullstendig inneklemd. Og for å toppe denne opplevinga, fungerte ikkje lyden på TV-skjermen min, og det var så trongt at eg ikkje hadde plass til å lese. Oppvartinga på dette Delta-flyet var upåklageleg, rett som det var svinga dei rundt med trallene og serverte mat og drikk til folket, så flyvertane (som her framleis var vertinner) hadde nok å pusle med. Uvanleg vaksne var dei også, det var neppe ei under 60, og den eldste måtte vere godt oppe i 70-åra. Reiseruta var den same gamle, over Irland, over sørspissen av Grønland, inn over New Foundland, sør for Hudson Bay og så inn over dei amerikanske sjøane før vi sette hjula kraftfullt ned i tvillingbyen.

Verda går framover, og denne gongen var det passkontrollen som var nyvinninga: No har dei innført sjølvplukk-prinsippet der vi gjekk fram til ein automat, scanna passet, tok bilete, la fingrane på ein skjerm og svarte ja og nei på nokre spørsmål. Og som rett og rimeleg er, kunne ein velje norsk som menyspråk – noko eg gjorde – og etter ei stund angra litt på, for her har dei nok spara inn utgiftene til språkkonsulentar og korrektur: nokre av spørsmåla var usedvanleg krøkkete formulert. Omgangen min med maskina var på ingen måte vellukka, fotoet eg skulle ta av meg sjølv fekk med seg området mellom overleppe og tredje skjorteknapp, og fingeravtrykket mitt vart heller ikkje registrert, så for dosent Hjelde måtte dette gjerast på nytt etter gammalmåten. Uansett, eg kom meg igjennom, henta ut kofferten, fann fram til Dollar bilutleige og fekk henta ut bilen – ein riktig staseleg SUV av eitt eller anna slag (det må eg sjekke i morgon slik at eg klarer å finne han igjen når eg parkerer). Så venta ein dryg time sørover i Minnesota til Zumbrota, der eg har tinga motell. Her har eg vore fleire gonger, og sjølv om det ikkje akkurat er Hilton, så er det greitt nok for ei natt. Her forsto eg også at det er haust, det var kaldt og surt, og det var faktisk også litt snø på bakken. Ikkje mykje, men nok til at eg mista illusjonen om at eg hadde kome til «varmare land». Eg fekk meg ein matbit på restauranten her, og no er det snart sengetid, for klokka har passert ni.

Og slik går no dagan her i dette rare landet…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 10. og fredag 11. november 2016: Willmar, Minneapolis, Mall of America, New York

No sit eg på flyet i 38000 fot og er ein eller annan plass mellom Island og gamlelandet, og eg får prøve å oppsummere dei siste to dagane.

Torsdagen var ein roleg dag, eg starta ikkje morgonstellet før nærare halv ni, det var godt å endeleg få ein ekstra time eller to med søvn. Dessutan skulle eg da møte dei andre i Minneapolis, og sidan eg hadde berre halve reisevegen, så kunne eg ta det litt med ro. Omsider så kom eg meg i veg frå Willmar, og bilturen austover er det lite å fortelje om, mil etter mil bak store truckar lasta med korn. Vel framme i Minneapolis fann eg ikkje motellet, av den gode grunn at eg ikkje hadde skrive ned adressa før eg starta. Men «with a little help from my friends», så fann eg til slutt fram. Deretter var eg innom Mall of America for å få meg ein matbit medan eg venta på dei andre. Utpå ettermiddagen tikka det inn ei melding om at dei var framme. Resten av ettermiddagen gjekk med til intensiv shopping (og her er det tydeleg at dei gamle er eldst), før vi åt middag og runda av med litt prat på rommet før sengetid.

Fredag var reisedag, og vi sjekka ut frå hotellet og køyrde til flyplassen, der vi leverte inn bilane og sjekka inn bagasjen. Denne gongen hadde vi av ein eller annan grunn «priority», noko som tok oss raskt gjennom sikkerheitskontrollen. Vel inne, fann vi oss ein plass for å sitte litt, og da skjedde det eigentleg to ting som var litt uheldige. For det første mista eg den eksterne harddisken min i golvet, slik at han no ikkje fungerer. Dessverre har eg nok nokre unike data på denne disken, men eg har på ingen måte oversyn over kva som er tapt – eg får sjå på det når eg kjem heim. I beste fall er det berre noko smårask som har forsvunne, i verste fall er det eit par artikkelutast, i tillegg til fire-fem prærieopptak. Det er berre å ta slike ting som ein mann, og eg får lære meg dette med å ta skikkeleg backup. Det andre litt kritiske var at flyet vårt ut frå Minneapolis ville vere over ein time forsinka, og dette var ille fordi  vi berre hadde 90 minutt på å skifte fly. Dette skapte ein litt dårleg stemning, ei natt på flyplasshotell var ikkje akkurat det vi tørsta etter no. Men så vart det ikkje så ille som vi ei tid trudde. For det første kom vi oss i veg litt tidlegare enn først annonsert. Vidare ga pilotane litt ekstra «trottle», slik at vi visste alt når vi landa at dette ville vi klare. Og det var vel eigentleg det. Snart dukkar nok gamlelandet opp i det fjerne, og da er det jo på tide å nynne litt på ei gammal emigrantvise:

  1. Farvel du moder Norge nå reiser jeg fra deg, og sier deg så mange takk fordi du fostret meg. Du ble for knapp i kosten i mot din arbeidsflokk, men dine lærde sønner du giver mer enn nok.
  2. Dog elsker jeg deg Norge med dine fjell og vann og vil så nødig bytte med Vestens prærieland, men når det gjelder brødet, det er så strengt et bud, at vi som skogens fugler vi må av redet ut.
  3. I en av disse dale min vugge sto en gang, der lekte jeg som barn og gjette sauer, kyr og lam. Der har jeg veltet stener, der har jeg sanket bær, ei noen plett på jorden kan blive meg så kjær.
  4. Nå trekker jeg som svalen fra deg til fremmed land, og over verdenshavet, det store brede vann, der kan man finne føde hvis man vil bruke flid, vi takke må Coloumbus som viste veien dit.
  5. Men da jeg skulle reise fra fedreland og hjem, da falt det mange tårer og hjertet sto på klem, jeg vendte meg på veien for en gang til å se, de mange vakre tomter og mangt et lindetre.
  6. Så kom jeg da med flere til hovedstaden frem, jeg var nok tung om hjertet for jeg var uten hjem. Der traff jeg emigranter av store og av små, de skulle bli mitt følge hen over bølgen blå.
  7. Så ble det stiftet vennskap vi ble av samme stand, vi skulle holde følge til vestens fjerne land. Vi ba da alle sammen Vårherre følge med, og gikk ombord i damperen som sto der klar på red.
  8. Jeg så en tåre glinset på broders kinn så våt, som neppe kunne sige et ord av bare gråt, Han sagde: Søster kjære Vårherre signe deg jeg kan ei lenger følge jeg må forlate deg.
  9. Kapteinen steg på brettet, maskinen kom i gang, vi svingte da med hatten til dem som sto på land, farvel da Norges strender, farvel da Norge kjær, jeg tenkte at jeg aldri ville komme deg mer nær.
  10. Jeg sto med hjertets vemod på skipets dekk og så, mitt kjære gamle Norge forsvinne i det blå, ja jeg skal gjerne tilstå mitt hjerte sto i brann da jeg så Norge dukke ned i horisontens rand.
  11. Jeg tenkte på min fader, jeg tenkte på min mor, de ligger nå og sover i Norges kolde jord, men der på deres graver skal stå et kors på vakt, som vise vil det stedet hvor mor og far er lagt.
  12. Men om det skulle hende ut i min levetid, jeg kommer der tilbake, da går jeg like dit, der er mitt hjerte hjemme, der så jeg solen først, jeg aldri kan det glemme for lengsel i mitt brøst.

Og slik gjekk no dagan i dette mangfoldige landet…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 9. november 2016: Fargo, Madison, Willmar

Dagen i dag starta litt tidleg for min del, litt før klokka 5 ringde telefonen, det var ei på jobb som lura på noko og som ikkje var heilt orientert om at eg var på rundtur i den store verda. Det er jo triveleg at folk vil rådføre seg med meg, men kanskje ikkje så veldig heftig å få slikt kasta over seg så tidleg på dagen. Og etter dette var det uråd å få sove meir, særleg sidan eg hadde planlagt ein tidleg start på dagen. Eg låg litt og kanskje dorma litt etter dette, men særleg søvn vart det ikkje. I halv sju-tida karra eg meg opp og pakka rasket mitt, og etter å ha lese nyheitene berre for å få bekrefta at presidentvalet her var så tullete som det ved sengetid såg ut til å vere, sjekka eg ut frå motellet. Eg måtte innom bensinstasjonen for å fylle drivstoff og kjøpe meg noko å ete på, og så stilte eg GPS-en på Madison, MN og sette kursen sørover. Trafikken i Fargo var jo nokså tett, men etter kvart så opna det seg, og det meste av trafikk såg ut til å gå nordover – det såg nesten ut som om det var amerikanarar som var på tur mot Kanada for å søke eit meir frilynt liv. Reisa mi var jo lang, og underhaldninga var valsjokk-program på radioen. Og medan den eine valanalysen etter dan andre vart kasta fram, pløgde eg meg gjennom mil etter mil med prærielandskap.

Eg kom fram til museet i Madison til avtalt tid, og da eg kom inn døra, fekk eg høyre at ein av informantane hadde vore innom nokså tidleg, men så hadde han gått – han måtte jo ut på «fila» i godveret, må vite. Dette var synd, for etter det dei sa, så skulle denne kroppen vere svært så flytande på trøndsk! Derimot var dama frå Røa der igjen, og denne gongen fekk eg gjort eit betre opptak med henne. Så kom kontaktfolket mitt innom med mat, og mannen her er ein som også er god på å snakke norsk. Så stakk tannlege Kevin innom, og dette var ein kar eg gjerne ville gjere opptak av. Kevin er sonen til ein av dei som eg gjorde opptak av på 1980-talet, og han vaks opp i eit svært så norskdominert miljø, der både bestefar og far snakka norsk «mæsta heile tida». Og Kevin kunne fortelje at da han begynte på skolen, vart han sporenstreks sendt til logoped for uttaleterapi – han hadde så veldig sterk norsk aksent når han snakka engelsk. Derimot var det i dag ikkje så veldig mykje att av norsken hans, han kunne mange ord, men han makta ikkje heilt å setje desse saman til fraser og velforma setningar. Men samstundes var han dyktig til å bruke det han hadde i repertoaret sitt, så det var fullt muleg å kommunisere med han. Det kan bli interessant å sjå nærare på språket til denne karen. Sistemann ut var ein ny stjørdaling, denne gongen frå nabobyen Dawson, og dette var verkeleg ein kar som kunne snakke norsk. Det var svært morosamt å snakke med han, og han hadde mykje å fortelje. Feltarbeidet her har såleis vore rimeleg bra, men det er alltid litt surt når ein veit at det finst fleire potensielle informantar i området som ein av ulike grunnar ikkje får gjort opptak av. Men om det no skulle bli ein neste gong, så kunne det vere fint å ta turen hit igjen.

Eg pakka ned utstyret mitt og gjorde meg klar til å reise inn mot Minneapolis, men ho som styrte med dette museet insisterte på at eg absolutt burde sjå innom eit pottemakeri søraust for byen. Eg må innrømme at eg veit ikkje meir enn passeleg lysten på å sjå på lysestakar og halvskjeive kaffikrus no, eigentleg var eg litt sliten. Men dama heldt på sitt – dette måtte eg berre sjå, og eg vil jo helst ikkje vere vanskeleg. Og med papirkart over Lac Qui Parle County på fanget (GPS-en tok ikkje adressen), navigerte eg meg til slutt fram til denne farmen. Og dette var faktisk interessant, eg må litt motvillig innrømme det; dama var av irsk avstamming, men ho var gift med ein norsk-amerikansk kunstnar, og dei hadde begge teke kunstutdanning i Noreg. Prosjektet til dette paret var å overføre norsk treskjærar- og rosemalingstradisjon til leire. Vidare var mannen ein habil knivmakar, og knivsamlinga hans måtte eg også sjå på. Det var som sagt interessant å vere her, og ikkje minst hadde ho fleire gode analysar og kommentarar til valresultatet. Eg var der på farmen ein times tid før eg takka for meg, og da visste eg eigentleg ikkje kva eg skulle gjere. Eg kunne køyre heile vegen inn til Minneapolis og ta inn der, eller eg kunne stoppe på vegen. Valet fall på Willmar, eg fann vegen lett, og eg fekk også ordna meg motellrom igjen. No er altså feltarbeidet unnagjort for denne gongen, i morgon blir det ein litt roleg dag i storbyen, og da møter eg også resten av «kruet». Og det skal bli godt med ein roleg dag no.

Og slik går nu dagan på prærien…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 8. november 2016: Willmar, Ulen, Fargo

Ny dag og nye mulegheiter … No skal vi opp til Ulen i Clay County – eit område som tradisjonelt skal vere fullt av nordmenn. Og da er det ingen veg utom, dit må vi! Som vanleg hadde vi samlingsstund ved frukosten der dei store planane vart lagt, og no skal vi jo sjekke ut frå dette motellet også. Eit av problema vi hadde, var at vi mangla hotell i Fargo, og det skulle eg ta meg av. Og mens eg hadde kvalitetsitid med hotels.com, starta dei andre i prærieskonnerten sin, eg skulle kome etter. Etter litt plunder og heft fekk eg ordna hotell, pakka rasket mitt, lempa det i bilen og kome meg av garde. Og no var det verkeleg «mil ellet mil». I gamle dagar hadde eg kart, og da visste eg (stort sett) kor eg var, no ser eg berre eit lite kartutsnitt på GPSen, og da har eg eigentleg ikkje peiling, eg berre gjer som GPS-dama seier. Men kursen gjekk nordover, og etter ei god stund, dukka I94 opp, og da var eg på trygg grunn. Eg køyrde over prærie, prærie og meir prærie, eit landskap som er svært ulikt det eg kjenner frå barndommens Trøndelag. Men eg hadde det jo fint, og med val-analysar frå PBS på radioen gjekk tida. Etter ei lang stund meinte GPS-guri at eg burde svinge av, og som snill gut, gjorde eg jo det. No var det litt smalare «rådar», men også dette er ei enkel sak for ein gammal prærielingvist, og snart var eg i kjent landskap, småbynamna var gamle kjenningar for meg. Og det beste gjensynet var utan tvil Rollag. Hit kom eg ein vinterdag i 1987 på jakt etter staute norskamerikanarar. Og dette var verkeleg ein småby, eit utsal for landbruksmaskiner, to eller tre ulike lutherske kyrkjer og eit «står». Den gongen stoppa eg ved ståret, og gjekk inn for å spørje etter norskingar. Dama ved kassa-apparatet var svært hjelpsam, ho «fona» litt, og snart dukka det opp ein godt vaksen spreking som gjerne ville snakke med meg. Dette «ståret» hadde også utvida konseptet med to respateks-bord (dette ordet skal sikkert skrivast med x, men her på prærien må det vere lov å ta seg litt til rette i det språk landskapet), så det kunne minne om ein kafeteria. Karen ville gjerne spander kaffi, men det viste seg å vere veldig vanskeleg sidan eg ikkje hadde eigen kopp. Det viste seg at over kaffikokaren var det ei hylle med krus, og der hadde eigarane namna sine, som Olaf, John og Floyd. Kruset Guest fanst ikkje, og derfor vart de ikkje kaffi på meg den gongen. Verten tok meg med heim der han hadde bygd opp ei uvanleg stor traktormuseum, og det fascinerte meg, har hadde han ei svært respektabel samling med traktorar, får gamle dampmaskiner til litt meir moderne maskineri. Eg vart også med han inn, og der ville han gjerne demonstrere den revolusjonære nyvinninga elektrisitet – noko slikt hadde vi vel ikkje i «Nårri»? Kjøleskap hadde han også, noko som han var heilt sikker på ikkje fanst i gamlelandet. Elles var han kanskje ikkje så veldig husleg av seg, men ungkarar må vite å innrette seg. «Leverommet» var fullt av tekniske teikningar av ymse slag, medan kjøkenet nok helst vart brukt til å føre dei tekniske framstega vidare. På kjøkenbordet hadde har rigga opp ein stor dreiebenk, og det er jo veldig praktisk å ha på kjøkenet. Skruar, mutrar og skiver flaut over alt, men dette var også ein kar som var god på system – egg-skålene i kjøleskapet er jo svært fine å bruke til å sortere mutrar av ulik dimensjon. Men det må også seiast at arbeidet hans nok ikkje var forgjeves og at det har sett spor etter seg som er synlege i dag: kyrkjene stod, og traktor-ståret likeså, grosseriståret var nok historie, medan farmen til denne samlaren hadde vorte dampmaskin-museum. Eg skulle gjerne hatt tid til å stoppe litt.

Etter dette nostalgiske gjensynet venta Hitterdal, og deretter Ulen. Eg trudde kanskje at eg var sistemann på plass, men eg såg ingen annan prærieskonnert. Derfor tok eg turen nedom Nordic Bar for å få meg ein matbit, og sidan dette heilt klart er ein lokal drikkeplass, var menyen uvanleg kort. Eg fekk pizza og Cola, men kaffi hadde dei ikkje. Eg fekk i meg maten, gjekk ut litt for å sjå etter dei andre, men det var ingen å sjå. For å vere ærleg, så tok eg til å bli litt bekymra. Men ekte prærielingvistar bør jo ikkje bli uroa av slikt, og etter ein times tid dukka resten av gjengen opp. Og det verserte da straks rykte om at dei andre hadde hatt det litt for travelt, så travelt at dei hadde vorte stoppa av polisen for «speeding». 80 i 60-sona var visst litt i overkant, mente øvrigheita, og for slikt kan heldige norske prærielingvistar sleppe unna med ein skriftleg «warning». Uansett, for ein prærielingvist kan jo eit slikt skriv nesten samanliknast med å få «purple heart» i strid.

Dei andre hadde med seg mat som dei kunne meske seg med i solveggen, bensinstasjonen hadde kaffi, og til avtalt tid kunne vi duve inn til vikingsverd-museet i Ulen. Her venta det ei delegasjon av staute mannfolk, og da kunne jo feltlingvistane berre ta for seg. Vi rigga opp tre stasjonar, og som vanleg var det ungdommen som gjorde det meste av intervju. Eg snakka med dei to einegga tvillingane igjen, og sjølv om eg har møtt dei mange gonger no, klarer eg ikkje å sjå skilnad på dei. Det einaste eg kan kjenne igjen dei på, er kva dei snakkar om – den eine har ansvar for indretenesta, medan den andre tek det andre arbeidet. Uansett, dette er to fantastiske tydalingar som er glade i å snakke norsk. Etter fleire timar med feltarbeid, kunne vi til slutt pakke saman tinga våre og setje kursen mot Fargo, der vi hadde bestilt motell. Og her skulle vi også få med oss valnatta, og det kunne jo vere interessant. Vi var bortom restauranten og fekk oss mat før vi samla oss på rommet til Yvonne for å sjå på dette. Dei første prognosane indikerte at dette skulle gå vegen og at Hillary skulle bli ny president. Men så tok det til å skje noko, det eine valdistriktet etter det andre vart raud, og ved sengetid var det klart kva veg dette gjekk – at Trump ville bli president. Akkurat dette var det nok ikkje så veldig mange som hadde sett skulle kome. Og det er jo veldig rart at i eit land som USA, så klarer dei ikkje å leite fram betre kandidatar enn dette, ein tydelegvis populær tulling og eit dyktig, men upopulært arbeidsjern. Vi får sjå korleis dette går.

Og slik går nu dagan i dette merkelege landet…

Skrevet i Uncategorized | 59 kommentarer

Måndag 7. november 2016: Willmar, Milan, Appleton og Madison, MN

I dag delte vi oss igjen, og denne gongen gjekk eg solo til Lac qui Parle County, eit område eg turnerte for 30 år sidan og møtte slike fantastiske karar som Floyd, Berdeen og Selmer, alle karar med styr på palatalar og dativ. Men tida har gått, og mykje har endra seg. Og eigentleg hadde eg ikkje gode kontaktar denne gongen. I fjor var eg her ein laurdag og søndag på leiting, men eg fann lite og ingen tok telefonen når eg ringde frå Skype. No var det måndag, eg har ringt fleire, men igjen er det ingen som tek telefonen. Kvifor har folk telefon når dei ikkje orkar å svare, lurar eg på? Uansett, mens dei andre igjen sette kursen til Sunburg, reiste eg inn i eit nokså ukjent landskap igjen, nesten likt den mytiske filologen Rune Staven, på jakt etter «lokativar og stungen d». Første stopp var Milan, der eg hadde håp om å finne folk. Men kontaktpunktet mitt her, museet «Arv hus» (heritage house) var dessverre stengt. Deretter sette eg kursen mot Appleton, i håp om å finne ein av dei gamle kontaktane mine frå 80-talet, men her var det folketomt – i dette landet og i dette veret er alle ute på «fila» med plog og «førtelaisar». OK, da var neste mulegheit Madison. Her køyrde eg eit par rundar opp og ned gatene i håp om … ja, kva var det eigentleg eg håpa på? Bunadskledde jenter som hoppa rundt og kasta rundt seg med jamvekt, apokope og palatalar? Staute karar i mannskor som står på «saidvåken» med flagg og syng «Kan du glemme gamle Norge?» medan dei friskt og freidig kastar rundt seg med dativ? Eg forsto fort at dette var berre tull, og sidan biblioteket var ope, så gjekk eg dit, presenterte meg og sa fram ærendet mitt: eg er norske som leitar etter andre norskingar som snakkar norsk. Her vart eg sendt over gata til lokalavisa; eg gjentok remsa mi, og der vart eg sendt ned til «county-museet». Også her la eg fram saka mi, og museumsdama kasta seg med ein gong over telefonen for å hoste opp folk til meg. Det ville berre ta ein liten halvtime, trudde ho. Medan eg venta, såg eg meg litt rundt, og det som var retteleg fint her, var at dei hadde fått skrivestua (inkludert boksamling) til poeten Robert Bly. Eg må berre innrømme at eg har veldig stor sans for Bly, så dette var fantastisk. Snart kom dei ei dame tuslande inn i museet, ei som var fødd på/i (kva er rett preposisjon?) Røa, og ho flytta hit ein gong etter krigen. Men det gjekk ikkje så mange minutta før trønderen dukka opp, og da gjekk samtalen litt i stå. Heldigvis var det bergingsvon, den lokale helten – verdsmeisteren i lutefisketing (med pers på over 4 kg lutefisk) skulle kome, saman med ein godt vaksen kar. Den siste kom først, og han var faktisk veldig god – Stjørdal-dialekten var fjellstø, og her var det meste av målmerka på plass. Lutefisketaren dukka også opp, og han var ein nokså stille kar. Eg spurte om han snakka norsk, og da sa han «ja», og det var vel eigentleg alt av norskspråkleg materiale som det var muleg å få rista ut av han. Det som kanskje var litt verre, var at han ved å vere ved bordet også fekk den andre til å slå over til engelsk. Om ikkje anna, så er det mykje kodeveksling på dette opptaket. Den gamle måtte heim igjen, kona hans var på sjukehuset, og han ville sjå innom henne. Men først ville han gjerne introdusere meg for ein annan norskspråkleg på apartment-komplekset. Og dette var verkeleg eit funn. Han sat og åt «spikkjikjøtt» da eg kom, men han ville gjerne snakke norsk med meg. Og dette vart verkeleg ei flott stund som tok meg tilbake 30 år i tid. Gamlingen berre snakka og snakka, eg måtte berre kaste inn eitt og anna spørsmålet for å halde seansen i gang. Herleg! Men så vart klokka nesten 6, og han ville ha «søppel». Og når norskamerikanarar vil ha «søppel», så er det vanskeleg å seie nei. Eg fekk berre pakke saman og sette kursen mot Willmar. Og etter nesten to timar på «råden» kunne eg parkere framfor hotellet, der eg møtte dei andre, som var veldig klare for å gå ut for å ete. Det var eg også, når alt kom til alt, så hadde eg ikkje hatt mat sidan frukost, så eg var faktisk veeeldig klar. Og fangsten var eigentleg ikkje så verst, trass alt var dette nokså nytt landskap for meg. Utfordringa i dag er jo å finne nye informantar, det er på ingen måte lett. Når ein først har dei, er det ingen stor kunst å få gjort gode opptak. Og om intervjua mine ikkje er særleg gode, så har eg ingen andre å skulde på enn meg sjølv.
Kvelden vart avslutta nokså intimt, med heile gjengen samla i/ved ei seng samstundes som vi såg første delen av Troells fantastiske film Utvandrarna. Det set ting litt i perspektiv: av og til trur eg at eg har vore veldig lenge i denne bransjen: lenge, men ikkje så lenge at eg har hatt høve til å snakke med folk som Kristina og Karl Oscar, dessverre: eg har derfor ikkje noko nytt å melde i den såkalla Moberg-debatten, disputten mellom Haugen, Moberg og andre på 60-talet. Og sjølv om vi var veldig ambisiøse i ønsket om å sjå film, så måtte vi bryte av lenge før filmen var ferdig – faktisk lenge før det var snakk om utvandring – ein time inn i filmen var vi knapt ferdig med innleiinga, og vi var stuptrøytte og måtte gå kvar for oss for å sove litt.
Og slik går nu dagan her i den nye verda ….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 6. november 2016: Marshall, Hendricks, Willmar

I går fekk eg ei liste av Jay i Hendricks over køyreplanen for «oppsopet», og dette ser jo skikkeleg heftig ut, lista var lang, og dersom alle desse snakka godt, så vil dette verkeleg dra ut i langdrag. Men det er jo dette vi er her for, og skal ein først improvisere feltarbeid, så må jo ekte prærielingvistar planleggje godt og skaffe seg opplagsnæring så dei ikkje treng mat, og dette gjeld forresten ikkje berre mat; dei skal heller ikkje sove meir en eit par-tre timar i strekk. Eg meiner å hugse frå eit tidlegare liv som grønnkledd at kyniske strategar reknar med at ein soldat i strid skulle klare seg i fire veker med fire timar søvn i døgnet, men da er ein nok ikkje så veldig nøye med kva kjemiske substansar ein sprita opp soldatane sine med. Og etter ein slik periode ved fronten måtte dei kvile og sove ut ei veke eller så før neste økt. Og med redusert søvn var det viktig å fylle etter med mat, drikke og klede. Og sjølv om vi ikkje er ved fronten, er det vel omtrent i dette området at også vi ligg no: kaloriane får vi inn – i rykk og napp, vi frys ikkje – til det er novemberveret for ekstremt, men søvn er det verre med for meg, eg er konstant trøytt: men samanlikna med soldatar ved fronten så skal eg like vel ikkje klage – eg klarer sikker å skrape saman opp mot fem timar i døgnet, og det får halde til eg er heime , men da er det skikkeleg payback time.

Uansett, i dag sto vi altså plutseleg med avtale i både Sunburg og noko litt lausare i Hendricks. Ved frukostbordet vart strategien lagt, og Kari var da den som viste mest risikovilje: for utan tvil så ville det vere enklast å få gjort opptak i Sunburg der vi alt har mange «gamle» informantar, gjengen i Hendricks var alle «nye» – om dei i det heile ville kvalifisere som informantar. Så det var ingen tvil om at det å reise til Hendricks igjen ville vere litt risikosport, men om vi ser på oss sjølve som eit team, så ville dette vere fornuftig, så nokre vandra inn på gamle spor med sikkerstikk-informantar, medan andre da kunne våge seg ut på litt usikker is. Kari, som faktisk driv med fjellklatring, viste prærielingvist-mot, og kakka seg saman med meg – og for oss to venta vel eigentleg «terra incognita» i den forstand at vi ikkje visste (men nok kunne frykte) kva som venta oss. I så måte var dei andre heldige, dei hadde gamle kjentfolk klare til å ta imot dei. Og reisa til Hendricks var veldig artig, ikkje minst fordi Kari ville øve seg på å bli trønder. Og medan den eine «kornfila» etter den andre passerte oss, prøvde Kari å få slike nyttige småord som «ka», «kæm» «kess» og «kor» på plass, og det mestre gjekk eigentleg greitt heilt til kari sa at no var ho veldig flau – ho klarte plutseleg berre å snakke trøndsk! Flau av det – tullprat!!! Det kan da ikkje vere anna enn ei gudegitt gåve å beherske eit så prefekt språk som trøndersk, det får da vere måte på …

Uansett, med ein slik ekstrem disharmonisk stemning i bilen (der latter er disharmoni) kom vi etter kvart inn til Hendricks – og det skal jo seiast at Kari etter trugsmål om å få prøve seg som østlandsk fotgjengar på eiga hand her ute på prærien til slutt synest at palatalar, apokope og jamvekt  var heilt topp. Og ho skulle derfor vere godt rusta for å møte den første informanten vår,  ei dame i det vi heime kallar omsorgsbolig som tok imot oss. Og dette var et fantastisk dame, den einaste skavanken eg kan peike på , var at ho ikkje snakka norsk. Men ho forsto det, og Kari og eg gjorde det beste vi kunne for å få henne over på engelsk, men utan hell – dama var veldig prinsippfast, dessverre. Vi innsåg begge at vi her ikkje ville kome nokon veg, Men dama sette veldig stor pris på besøket vårt, ho var nesten på gråten da vi gjekk. Så om vi ikkje har med oss språkmateriale derifrå, så gjorde vi kanskje ei god gjerning – trur vi i det minste. Etter ein så lite vellykka start, sette vi kursen til gamleheimen. Men her måtte vi gjere vendereis i døra – for her på prærien er det mattid mellom 11 og 12. Dette retta vi oss etter, og sette sjølve kursen ned til kafeen i hovudgata (som eigentleg er den einaste gata) medan vi venta. Og her vart det ein solid dose med mat igjen, denne gongen satsa vi på  kalkun og kaffi. Så gjekk ruta vår tilbake til institusjonen igjen, med håp om timar med opptak. Her fann vi først fram til ei godt vaksen dame, og ho vart veldig glad når vi kom og slo med ein gong over til singsås-mål, det var ikkje måte på. Dette kunne ikkje bli anna enn bra. Det var berre ei urlita hake – dama høyrde absolutt ingen ting. Stemmen min dekte eit frekvensregister som var heilt daudt, ho forsto ingenting. Karis stemme slo inn på eit lite område der det var bittelitt aktivitet, men berre litt. Vi prøvde og prøvde, dama prøvde også, men vi kom berre ikkje igjennom. Til slutt så ga vi opp, takka for oss og gjekk vidare til ei ny dame på mangeognitti. Denne dama sov da vi kom, men ho vakna da vi kom inn, og ho vart veldig glad for å få besøk. Ho starta på norsk, men det glei raskt over til engelsk, og der var ho heilt «støkk» – vi sleit veldig med å få særleg norsk frå henne. Igjen prøvde vi å gå vidare, men dama ville vere med oss ut, og da kunne vi vanskeleg skjule at vi hadde tenkt å sjå innom andre også – og no hadde vi eskorte. Neste på lista var ein godt vaksen mann, også dette skulle vere trønder. Men denne karen ville helst sjå fotball med Green Bay Packers på TV, og han hadde lyden på topp og viste lite vilje for å skru denne ned. Her var det altså lite å hente. Neste stopp var ei dame rett over korridoren, men heller ikkje her var det noko språkleg materiale å få tak på. Kari prøvde nesten i desperasjon å elisitere litt av eskortedama vår, men det var visst berre halvveis vellykka. Så konklusjonen var at dette var bomtur – men slikt veit ein jo ikkje før ein prøver (på den andre sida, gammalheimar er sjeldan ein god plass å drive feltarbeid). Vi hadde ein lang tur til Willmar framfor oss med meir enn nok tid til å vere havarikommisjon.  Og bilturar er jo som bilturar er her borte, rette vegar og mange timar. Vel framme i Willmar kunne vi sjekke inn på motellet (som var veldig bra) og straks etter kom også dei andre. Så vart det debriefing over matbordet før vi tok kvelden.

Og slik går no dagan her på prærien.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 5. november 2016: Marshall, Hendricks, Singsaas, SD.

Flott start på dagen, på ein måte: Sekken til Alex har kome til rette – men på motellet i Stevens Point. Så no er det berre eit spørsmål om korleis han skal løyse denne floka – i det minste bør det vere muleg å ordne dette på eitt eller anna vis.

Så var det frukost – og sidan amerikanske porsjonar er heller solide, forsøkte eg meg med nok som såg litt mindre stort ut – og denne gongen fekk eg det verkeleg til. Det eg såg for meg skulle vere eit par brødskiver med speilegg på, viste seg å vere litt egg lagt på ein halvbrent toast. Eg blir aldri klok på dette landet, men heldigvis har eg da eit lag(er) med opplagsnæring, så det var på ingen måte krise. Så sette vi kursen vestover, Alex måtte ta nokre telefonar for å ordne veska, så Janne og han vart igjen for å ordne dette medan vi andre køyrde til Hendricks. Vi skulle møte folket på skolen der, og informasjonen vi hadde fått, var at det ville vere lett å finne denne skolen. Og i byar med ei hovudgate og to tverrgater skal det eit stort talent til for å gøyme bort ein heil skole – vi fann lett fram.

Framfor skolen møtte Jay oss, og dette var ein fantastisk kar, det var ikkje måte på kor viktig han syntest det var at vi gjorde det vi gjorde. Og inne i fellesrommet på skolen var det alt møtt fram fleire «norskear», og det var tydelege at i det minste nokre av desse var gode til å snakke norsk. Vi var raske med å rigge oss opp, og med tre klasserom til disposisjon ville dette bli reine språkfabrikken. Så snart det tekniske var på plass, kunne eg ta den første «pasienten» under behandling. Dette var ein svært så snakkesalig herremann med røter i Singsås-området, og det var også veldig godt å kunne få snakke «ekte trønder» igjen. Vanlegvis snakkar eg jo trønder, men her på prærien er folk gjerne så vare på dialekt at ein som feltarbeidar må prøve å akkommodere litt, men her kunne heile det trønderske smørgåsbordet brukast lett og ledig utan at det skapte vanskar. Herleg. Klient nummer 2 venta eg også skulle vere litt i same sjangeren, men det viste seg at han hadde bakgrunn frå området rundt Oslo, i tillegg til at han var svensk på den eine sida, så det var det ikkje like enkelt å halde dampen oppe. Men samtalen gjekk da på eit vis, og det var jo bra. Deretter vart eg sendt til ei dame som levde sør i byen, og det var også tydeleg at dette var ei dame som ein gong var god på norsk. Problemet var berre at det ver veldig lenge sidan ho hadde snakka det, dessutan hadde ho raskt oppdaga at denne raringen frå Trøndelag forsto engelsk, derfor var strategien hennar enkel: English only. Som sagt, ho forsto alt og ho hadde sikkert også klart å snakke det om det hadde vore andre til stades, men slik er det no ein gong. Dette vart ikkje noko langt eller godt intervju, men det kan like vel vere OK at dette blir teke vare på med tanke på framtidig forsking. Tilbake på skolen så venta det to nye, ein av dei var veldig god, den andre var nokså ustødig. Og dagen i dag har vore veldig effektiv, for i tillegg til meg har også Yvonne og Alexander hatt kvar sin stasjon der dei på same vis som eg har gjort feltarbeid.

Etter det eg føler har vore ein veldig lang dag med feltarbeid, tok Jay oss med for å vise oss litt rundt, mellom anna måtte vi jo sjå på Singsaas-kyrkja. Dette er for ein nordmann eit nokså fascinerande landskap, og sjølv om nederlandske Yvonne seier «do you call this flat?», så er det verkeleg det for oss norskingane. Greitt nok at det nokre stader er ei lita dump, men dette er verkeleg flatt! Etter denne rundturen kunne vi setje kursen til motellet og naborestauranten for å få eit mål mat. Og da tok eigentleg kvelden til å gå mot slutten. Men sidan prærielingvistar ikkje kan kaste bort tida, testa Kari og eg ut vaskemulegheitene på motellet, og ein dryg time seinare kunne vi gå på romma våre med eit lass reine klede, rykande varme frå tørketrommelen.

Og slik går nu dagan…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar