Slik fikk Marie kommunikasjonsjobb i Dublin

«Tullar du? Det her er for godt til å vere sant!», tenkte eg då meldinga til agenten tikka inn i innboksen min på LinkedIn. Det var snart slutten på sommarjobben min og tanken på å stå utan relevant jobb etterpå fekk meg til å gå rundt med ein klump-i-magen i fleire dagar.

Det var mitt siste semester som BIK-student den våren. Det blei fort krystallklart at det kom til å bli dragkamp om jobbane i kommunikasjonsbransjen. Dermed gjekk eg rett i panikk-modus. Kva om eg ikkje fikk jobb? Eg måtte få meg ein jobb som er relevant for studiane mine.

Dess større var gleda då eg blei kontakta av ein rekrutterer denne sommaren. Eg hadde fått eit tips av tidlegare BIK-student Fredrik Lund om å jobbe med LinkedIn-profilen min, slik at eg skilde meg ut, og det kan nok ha vore det som gjorde at agenten kontakta meg.

Eg fikk tilbod om stillinga som innhaldsmoderator. Det einaste minus? Jobben var i Dublin, ein heilt ukjent by i eit heilt ukjent land som eg forbatt med fleire regnfulle dagar enn det Norge har. Eg gjorde raskt mine undersøkingar av både byen, arbeidsgivaren og jobben.

Med bittelitt skepsis gjekk eg med på intervjuet – om det ikkje skulle gå så hadde eg i alle fall prøvd. Intervjuet føregjekk på telefon og agenten følgde opp via e-post. Eg fekk spørsmål om kvifor eg ønska å jobbe utanlands, korleis eg jobbar i team, kva eg ønsker meg frå min arbeidsgivar, kva språk eg snakkar og eigentleg alt det eit heilt vanleg jobbintervju ville bestått av. Då ho fekk høyre at eg snakkar tysk, reagerte ho lynraskt og eg fekk tilbod om ei ny stilling på flekken. Det passa meg midt i blinken og brått stod eg der med den gylne inngangsbilletten til Willy Wonkas sjokoladefabrikk.

No jobbar eg for eit globalt konsern, ein av verdas største IT- og outsourcingselskap som tilbyr konsulent-, teknologi- og outsourcingtenester. Eg og mine kollegaer jobbar hos kunden vår, eit endå større teknologiselskap som er kjent verden rundt og er spesialist på søkemotor, skytjenester og utvikling av software. Her jobbar eg hovudsakleg med film og tv-seriar i eit team der vi kontrollerer og analyserer innhaldet før det går live på kundens nettbutikk, B2B kommunikasjon, held kontakt og løyser problem til partnarar og eskaleringshandtering. Gøy og varierande arbeid der eg lærer å kjenne partnerens behov og klarer å løyse problem raskt og på ein effektiv måte. Kollegaene mine kjem frå alle delar av verden og eg får dermed brukt mine kunnskapar om kultur og interkulturell kommunikasjon dagleg. Vi lærer kvarandre nye ord i forskjellige språk kvar dag, og delar dei beste ferieplassane verden rundt.

Det å pakke kofferten og sette kurs mot eit anna land for å jobbe er ikkje så skremmande som det kan høyrast ut som. Spørsmål om «kvar skal eg bu, kor mykje skatt betaler eg, kva slags forpliktelsar har eg» osv kjem til å kjennes ut som ein ørefik. Men, ta sjansen! Dersom du ønsker å gjere noko utanom det vanlege så berre gå for det, eg kan love spennande eventyr. Det kan ta litt tid å finne ut av dei forskjellege tinga, men det kjem til å ordne seg.

Ingenting er umogleg, av og til finn du ein av fem gøymde gullbillettar, og brått opnar porten til sjokoladefabrikken seg.

 

marihel